Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Skulemiljø

Skulemiljø

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Kapittel 9a i Opplæringslova vert ofte kalla elevane si arbeidsmiljølov.

Fysisk miljø

Skulebygga skal tilretteleggast og drivast slik at det vert teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane. Alle elevane har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa deira behov. Skulebygga skal ha universell utforming. Det skal takast omsyn til einskilde elevar ved skulen som har funksjonshemming.

Psykososialt miljø

Skulane skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, slik at den einskilde elev kan oppleve tryggleik og sosialt fellesskap.

Elevmedverknad

Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet som fremjar helse, trivsel og tryggleik. Skulane skal legge til rette oppgåver for elevmedverknad tilpassa dei ulike aldersgruppene.

Skulemiljøutval

I følge Opplæringslova § 11-1a skal det opprettast skulemiljøutval ved alle grunnskular. Skulemiljøutvalet skal ha eit særleg ansvar for å halde seg orientert om og uttale seg om skulemiljøet jfr. §9a. Utvalet skal vera eit rådgjevande organ for skulen i arbeidet med skulemiljøet. Foreldra og elevane skal ha fleirtal i utvalet.

Kontakt

Hege Tretnes
einingsleiar/rektor
E-post
Telefon 70 03 76 31
Mobil 97 11 39 12
Vivian Johansen
einingsleiar/rektor
E-post
Mobil 91 82 00 23
Wibekke Mork
assisterande rektor
E-post
Telefon 70 03 76 01
Mobil 97 40 17 71