Kven kan søkje?
Hareid kommune kan yte tilskot til organisasjonar, institusjonar og einskilde personar som driv eller vil starte opp kulturverksemd i Hareid kommune.
Organisasjonar som driv si verksemd i Møre og Romsdal, og som fell utanfor retningslinene for fylkeskommunal stønad, kan ytast tilskot under føresetnad av at dei rekrutterer eit visst tal medlemar i Hareid.
Samarbeidsorgan for lag og organisasjonar kan og søkje.
Kva tiltak kan ein søkje på?
Med kulturverksemd meiner ein verksemd som har eit kulturelt og sosialt føremål i seg og som kjem innbyggjarane i Hareid til gode, med barn og ungdom som hovudprioritet.
Følgjande tilskotsordningar gjeld:
- Tilskot til drift
- Oppstartstilskot
- Tilskot til samlingshus
- Tilskot til andre kulturføremål
- Tilskot til kurs og opplæringsverksemd
- Særskilte tiltak
Søknadsfrist:
1. april kvart år.
Tilskot til drift, Oppstartstilskot, Tilskot til samlingshus, Tilskot til andre kulturføremål.