Varsel om oppstart av planarbeid for detaljregulering for Miljøpark Hareidseidet

Kart som viser planavgrensing. - Klikk for stort bilete

To firma ønsker å opparbeide eit industruområde med miljøanlegg for sortering og lokal verdiskaping.

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla om oppstart av reguleringsarbeid for «20220001 Detaljregulering for Miljøpark Hareidseidet». Forslagsstillarar er Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS og Aurvoll og Furesund AS. Bucci arkitektur og design AS er engasjert som planfagleg konsulent.

Formålet med planen er å legge til rette for opparbeiding av eit todelt industriområde med miljøanlegg for sortering, resirkulering og lokal verdiskapning.

Den eine delen skal SSR eige og stå for. Her skal ein sortere ut verdiar frå avfallsfraksjonar frå hushaldning og næring, for så å kunne bidra til ytterlagare gjenvinning, høgare miljøgevinst, lokal verdiskaping og lokale arbeidsplassar. Den andre delen skal Aurvoll og Furesund eige og stå for. Her skal ein kunne frakte inn lausmasser frå utbyggingprosjekt i nærområdet og sortere desse for gjenbruk i andre prosjekt. Det skal også i regi av Aurvoll og Furesund gjerast ei utviding av eksisterande massedeponi nord for dagens greinplass. Dette vil skape plass for deponi av reine masser som ikkje kan brukast opp att.

Forslagsstillar: Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) og Aurvoll og Furesund AS.

Plankonsulent: Bucci Arkitektur & Design AS ved Anders Myrene.

Frist for innspel

Eventuelle kommentarar/merknadar vert å sende til Bucci arkitektur og design, Postboks 21, 6067 Ulsteinvik, eller til anders@bucci.no innan 21.februar 2023.

Plandokumenter er tilgengeleg på Arealplaner.no:
https://www.arealplaner.no/hareid1517/arealplaner/115