BustadtilskotBustadtilskotet er sterkt økonomisk behovsprøvd. Du må søkje om tilskot før du eventuelt startar opp med å bygge, tilrettelegge eller utbetre bustaden.Bustadtilskot skal hjelpe eldre, personar med nedsett funksjonsevne og andre med langvarig låg inntekt til å etablere seg i eller behalde ein eigna og tilpassa bustad.Kven kan få tilskot?Tilskot vert gitt etter individuell og streng økonomisk behovsprøving. Kommunen prioriterer:Personar med nedsett funksjonsevne som har behov for å tilpasse bustaden sinEldre som ønsker å tilpasse bustaden sin for å kunne fortsette å bu heimeBarnefamiliar som har behov for ein stabil og trygg bustadHusstandar med langvarig og dårleg økonomiske situasjonKva kan tilskotet nyttast til?Bustadetablering saman med startlånTilpassing av bustad (t.d. bad, inngang, trappeheis)Utgreiing og prosjektering av tilpassingHusstandar med langvarig og dårleg økonomisk situasjon kan få tilskot som eit supplement der startlån åleine ikkje er tilstrekkelegInformasjon om bustadtilskot på Husbanken sine sider.KlageKlagefristen er 3 veker. Klagen skal stilast til Hareid kommune og må innehalde grunngjeving for klage og ev. nye opplysningar.RetningslinerRetningsliner bustadtilskot (PDF, 142 kB) Publisert 10.09.2018 14:30 Sist endra 02.06.2025 15:03