Dispensasjon

Dispensasjon

Dispensasjon: Dispensasjon er ei fritaking i frå å fylgje eit lovbud eller annan bindande forskrift.

Dispensasjonar skal kome i eit eige skriv, eller som eit eige vedleggsbrev. Det er her ikkje noko eige søknadsskjema. Ein dispensasjon skal innehalde gode faglege argument for det som det skal dispenserast frå. Dispensasjonar må søkjast om dersom tiltaket ein skal søke om kjem i strid med reguleringsplanen, eller kommuneplanen, tekniske krav eller andre høve som utløyser kravet. Dette kan for eksempel vere at ein ynskjer å bygge garasjen sin utanfor byggelinja som er på tomta. Det kan vere at ein overskrid utnyttingsgrada på tomta. Dispensasjonssøknadar har 12 vekers behandlingstid, og må ofte på høyring til andre myndigheiter.

Kapittel 19 dispensasjon Plan- og bygningslova

Byggelinjer: Dei fleste eigedommar som er under ein reguleringsplan har byggelinjer.  Som oftast er dette utforma med ei stipla linje, ofte mot veg, Dette set avgrensingar på kvar på tomta ein kan bygge. Husk å sjekke opp om det er byggelinjer på din eigedom som kan kome i konflikt med byggeplanane dine.

Utnyttingsgrad: Utnyttingsgrad seier noko om kor mykje av tomtearealet ein kan bygge på. Dette blir utrekna av fotavtrykket på bygga som er på eigedommen. (for eksempel eit hus med grunnflate på 100m² på ei tomt på 1 dekar ( 1000m²) har ein utnytta 10 % av tomta. Det går ikkje på bruksrealet (så lenge det ikkje er spesifisert i planen).

Alle reguleringsplanar har ei form for utnyttingsgrad. Dette kjem anten i % eller i U-grad. U-grad er meir vanleg i gamle planar. Det er litt meir komplisert med u-grads utnytting, her legger ein til delar av veg og eventuelle friområde i nærleiken inn i tomteutrekninga.

Kontakt

Oddbjørn Nybø
byggesakshandsamar
E-post
Mobil 46 80 68 15