Gravemelding

Ei gravemelding er ei kartlegging av tekniske anlegg under jorda før graving tek til. Ei gravemelding er ikkje eit løyve for arbeid tilknytta gravinga, eller eit løyve for å grave på anna ein eigen eigedom.

Ved graving i kommunal veg skal søknad sendast til Hareid kommune. Ved graving i riks- og fylkesveg skal søknad sendast Statens vegvesen.

Kven kan få tenesta?

Tiltak på privat grunn, som ikkje er søknadspliktig etter plan- og bygningslova treng du ikkje løyve for, men du er ansvarleg for å gjere reie for kvar kablar, vassrør osv. ligg, og at ev. påvisning vert utført før gravinga tek til.

Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?

Fyll ut vedlagt skjema enten elektronisk eller skriv på eit utprinta eksemplar. Lag eit illustrasjonskart som viser kor du har tenkt å grave. Bruk f.eks Sunnmørskart for å lage eit slikt kart.

Eit illustrasjonskart skal innehalde grunnkart, gnr/bnr, vegar og bygningar, samt ei påteikning som viser kor graving skal skje.
Send inn kart og gravemeldingsskjema til Hareid kommune enten på e-post eller som vanleg post.

Kva kan du forvente

Graving på offentleg veg er søknadspliktig etter veglova § 57. For kommunale vegar skal søknaden sendast til kommunen, for riks og fylkesvegar skal søknaden sendast til statens vegvesen. Graving i anna offentleg areal må sjølvsagt heller ikkje skje utan skrifteleg løyve.

Graving på privat grunn kan vere søknadspliktig etter plan og bygningsloven. Kva for tiltak som er søknadspliktig går fram av loven med forskrifter. Er det tvil om tiltaket er søknadspliktig kan du ta kontakt med kommunes byggesaksavdeling.

Før ein tek til å grave må ein uansett forsikre seg om at det ikkje ligg rør eller kablar i området. Nedanfor er det lista opp ein del aktørar som kan tenkast å ha rør eller kablar i Hareid kommune. Lista treng ikkje vere uttømmande. Ta kontakt med dei enkelte i god tid før graving.

Vatn og avløp

Hareid kommune, eining for kommunalteknikk

Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
E-post: postmottak@hareid.kommune.no
Telefon: 70 09 50 00

Straum

Mørenett AS
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
E-post: post@morenett.no
Telefon: 70 05 01 00

Fiber

Tussa Fiber
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
E-post: kundesenter@tussa.no
Telefon: 70 04 63 00

Telefonkablar

Geomatikk AS (På vegne av Telenor)
E-post: gravemelding.trondheim@geomatikk.no
Telefon: 09146

Kabel-TV

Com-Net AS
E-post: drift@com-net.no
Telefon: 400 04 880

Andre installasjonar

Aktuell grunneigar

Kontakt

Ruben Kenneth Brandal
sakshandsamar
E-post
Telefon 70 09 50 29
Mobil 951 21 780