Viktig melding til deg som ansvarleg søkar: Byggesøknaden må leverast digitalt

Viktig melding til deg som ansvarleg søkar: Byggesøknaden må leverast digitalt

Frå og med måndag 1. mai 2023 vil det ikkje lenger vere mogleg å bruke e-post til å søke om tiltak med krav om ansvarlege føretak.

Frå den datoen må du som "proffbrukar" nytte godkjende digitale e-byggesaksløysingar. Dette gjeld alle søknader etter plan- og bygningslova sin § 20-3 som krev ansvarlege foretak.

Løysingane som skal brukast frå 1. mai ligg på nettstaden til Direktoratet for byggkvalitet.

Det er effektivt for alle partar å gå vekk frå e-post

Kommunane på søre Sunnmøre ønsker å handsame saker for innbyggarar og næringsaktørar så effektivt som mogleg. Digitalisering og ny teknologi vil hjelpe oss med å få til det. For når byggesaksprosessen blir digital, kan data frå dei digitale søknadane bli direkte overført til byggesaksarkiv, kartløysingar, matrikkeldata og eigedomsregister i kommunen.

Å ta imot søknadar på e-post har ført til mykje manuelt, tidkrevjande arbeid. Det er ingen tent med, verken avsendaren eller mottakaren.

Merk deg enkelte unntak

Søknadar om tiltak som ikkje treng ansvarlege føretak kan sendast på e-post også etter 1. mai. Det same gjeld søknadar som berre gjeld dispensasjon eller unntak for tekniske krav.

Gjeld ikkje pågåande byggesaker

Har du ei pågåande byggesak, der du tidlegare har brukt e-post til å søke om tiltak med krav om ansvarlege føretak? Då skal du ikkje søke på nytt. Kravet om å søke i ei e-byggesaksløysing gjeld for søknadar som blir leverte frå og med 1. mai 2023. 

Lovheimel for endringa 

Kommunen har heimel til å stenge for søknader på e-post etter forvaltningslova § 15a og eForvaltningsforskrifta § 3. Bestemmingane slår fast at alle som vender seg til eit forvaltningsorgan kan bruke elektronisk kommunikasjon så lenge organet har lagt til rette for det.

"...et forvaltningsorgan (for eksempel en kommune) kan bestemme hvordan elektronisk kommunikasjon skal skje. Søker kan bruke en generell elektronisk adresse (les: e-postadresse) dersom kommunen ikke har stilt særskilte krav til fremgangsmåte for henvendelsen." (e-forvaltningsforskrifta)

Kommunen kan stenge for e-postsending både for privatpersonar og føretak, der det finst digitale alternativ. Både personar og føretak kan likevel velge å sende søknaden i posten. Vi gjer også merksam på at kommunen har nokre plikter om nokon sender ein søknad på e-post sjølv om kommunen har stengt for det. Kommunen må gi beskjed om at søknaden ikkje vil bli handsama, og veilede i korleis søknaden skal sendast, jf. eForvaltningsforskriften § 7. Journalføringsplikta gjeld også uavhengig av korleis søknaden er sendt.