Viktig informasjon om rettleiingsmøta:
På møtet vurderer vi ikkje den konkrete byggesaka eller konkrete løysingar, men gir råd og rettleiing om korleis du skal gå fram for å søke, kva for nokre krav det er til dokumentasjon og korleis du kan få tak i naudsynt informasjon. Det vert ikkje skreve referat frå møtet.
Dersom sakshandsamar ser at reservert rettleiingsmøte vert meir omfattande enn ei rettleiing kan møtet bli omgjort til ein førehandskonferanse.