Reserver tid med oss

Reserver tid med oss

Du kan reservere tid for rettleiingsmøte med sakshandsamar på byggesak og forureining. 

Tidspunkt det er mogleg å reservere eit møte: 
· Måndag  klokka 10.00 -16.00
· Torsdag  klokka 13.00 -16.00
· Fredag   klokka 13.00 -16.00

Møtelengde er maks 20 minutt.

Møtealternativ
· 📞  Telefonmøte
· 💻  Digitalt møte (Teams-møte)
· 🏦  Fysisk møte på Hareid rådhus

Du vel møteform når du reserverer tid.

BOOK RETTLEIINGSMØTE MED SAKSHANDSAMAR 

Viktig informasjon om rettleiingsmøta:

På møtet vurderer vi ikkje den konkrete byggesaka eller konkrete løysingar, men gir råd og rettleiing om korleis du skal gå fram for å søke, kva for nokre krav det er til dokumentasjon og korleis du kan få tak i naudsynt informasjon.  

Møtet erstattar ikkje førehandskonferansar.  Dersom du treng meir tid enn 20 minutt, eller har ei konkret byggesak du vil ha innspel på, må du tinge førehandskonferanse. 
 

Dette kan du lese meir om på eiga side:  Førehandskonferanse

Dersom sakshandsamar ser at reservert rettleiingsmøte vert meir omfattande enn ei rettleiing kan møtet bli omgjort til ein førehandskonferanse. 

Dersom du ønsker innsyn i kva kommunen har registrert i byggesaksarkivet på din eigedom, kan du bestille tilgang til dette via kommunen sitt e-Torg.  Sjå korleis her.

Viktig informasjon før du reserverar møte
Kva kan eg få hjelp til når eg reserverar eit møte?
Korleis avlyser eller flyttar eg ein avtale som er reservert?
Eg har spørsmål om pågåande sak - kva skal eg gjere?