Samanføying av eigedomar

Fleire eigedomar som har same eigar og vert brukt som ei eining, kan samanføyast til ein eigedom og gjevast eit bruksnummer.
Den samanføygde eigedomen bør normalt verte eit samanhengande areal.

Kva kan du forvente?

Parsellane må ha dei same økonomiske heftelsane eller vere utan hefte. Kontakt kommunen for rettleiing til søknaden om samanføying av eigedomar. 

Kva kostar det?

Samanføying av eigedomar er gratis.

Korleis får du tenesta?

Heimelshavarar og festarar kan søkje om samanføyingar av eigedomar.

Søknad sendast til:
Hareid kommune,
Rådhusplassen 5,
6060 Hareid

Lover

Lov om eigedomsregistrering (matrikkelloven)

Kontakt

Jostein Hånes
avdelingsingeniør
E-post
Mobil 468 06 815