Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Samanslåing av eigedomar

Samanslåing av eigedomar

Eigedomar (Matrikkeleiningar) som har same eigar og ligg i same kommune, kan samanslåast til ein eigedom og gjevast eit bruksnummer.
Festeeiningar kan slåast saman dersom dei ligg til eller er utskilt frå same grunneigedom, og festekontraktane har same innhald og gjeld mellom same partar.
Den samanslåtte eigedomen bør normalt bli eit samanhengande areal.

Saksbehandlingstida for samanslåing er inntil 6 veker, men normalt vil det ta under ein veke. Kommunen vil sørge for tinglysing av samanslåinga og utferde matrikkelbrev. Ved samanslåing blir panteretten utvida til heile den samanslåtte eigedom.

Kven kan få tenesta?

Grunneigarane (heimelshavarane) eller den som har fullmakt kan søkje om samanslåing, jf. matrikkelova 

Kva skal kravet innehalde?

  • Skjema for samanslåing
  • Kart over grenser og grensemerke for dei matrikkeleiningane eller grensestrekningane som saka gjeld.
  • Stadfesting på at eventuell heimelshavar til bruksrett er varsla. 
  • Dokument som er naudsynt for å få tinglyst samanslåinga.

Vilkår

  • Viss nokon av matrikkeleiningane har hefte, må det ein ordne opp i ev. prioritetskollisjon mellom panthavarar før samanslåing kan skje, jf. matrikkelforskrifta § 43, åttande ledd. Opplysningar om hefte kan du få ved å vende deg til Kartverket.
  • Den samanslåtte eigedomen bør normalt verte eit samanhengande areal.
  • Festegrunn på forskjellige grunneigedommar eller jordsameiger kan ikkje slåast saman.
  • To grunneigedommar kor registrert eigar til kvar av grunneigedommane er forskjellige seksjonssameiger, kan slåast saman til ein grunneigedom dersom det samtidig etablerast eit samla eigarseksjonssameige på den samanslåtte grunneigedommen. Samanslåing av seksjonssameiger krev reseksjonering.

Kva kostar det?

Samanslåing av eigedomar er gratis.

Lover

Lov om eigedomsregistrering (matrikkelloven)
Forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskrifta)