Seksjonering

Seksjonering er ein måte å dele opp eigarinteressene i ein egendom på, når vanleg tomtedeling er praktisk vanskeleg.
Seksjonering egnar seg blant anna for oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustader. Ein seksjon vil vere ein eigen juridisk eining som kan omsettast og belånast uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane.

Kva kan du forvente?

For å få etablert ein seksjon, må brukseininga(ene) vere godkjend etter plan- og bygningslova sine reglar for det formålet den skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, medfører dette at pålagte bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering kan skje.

Korleis får du tenesta?

Søknad om seksjonering og resekjonering

Pris på tenesta

For handsaming av søknad om seksjonering / reseksjonering vert gebyr sett til 3 * rettsgebyret med eit tillegg på 2 * rettsgebyret når synfaring er naudsynt jf. eigarseksjonslova (ESL) sin § 15.

Dersom uteareal skal seksjonerast på ein slik måte at det etter § 13 i ESL skal utarbeidast målebrev etter reglane i matrikkellova, kjem gebyr for arbeid etter matrikkellova i tillegg

Lover

Lov om eierseksjoner (eierseksjonsloven)

Kontakt

Jostein Hånes
avdelingsingeniør
E-post
Mobil 468 06 815