Demensomsorg

Demensomsorg

Demenskoordinator i Hareid kommune 

Demenskoordinator er eit lavterskeltilbod som kan bistå deg eller dine pårørande ved påvist, eller mistanke om, demens eller kognitiv svikt.

Kva er ein demenskoordinator?

  • Er sjukepleiar med vidareutdanning i demens og alderspsykiatri.
  • Er til hjelp for å koordinere og tilrettelegge kvardagen for demensramma og pårørande på best mogleg måte.
  • Gjev råd og vegleiing rundt diagnose og vegen vidare.
  • Samordnar tilbod og tenester i kommunen.

Demenskoordinatoren sine oppgåver er mellom anna:

  • Gje råd, vegleiing og informasjon til den demensramma og deira pårørande.
  • Tilby støttesamtalar til pårørande og demensramma.
  • Ha oversikt over tilbod internt i kommunen og utanfor kommunen som kan vere aktuelle.
  • Vere eit bindeledd mellom deg og anna helsepersonell eller andre hjelpeinstansar
  • Ha undervisning for helsepersonell, pårørande og personar med demens.
  • Starte utreiing, i tett samarbeid med fastlege.
  • Tilby heimebesøk og legge til rette for aktivitet ved behov.

Kven er tilbodet for?
Alle kan ta kontakt med demenskoordinator, anten du har ei demensdiagnose sjølv, er ven, pårørande eller helsepersonell.
Ein treng ikkje å ha fått ei demensdiagnose for å ta kontakt med demenskoordinator.
Ein treng ikkje tilvising frå lege og tenesta er gratis. Demenskoordinatoren har teieplikt.

På disse sidene kan du finne meir informasjon om demens:

www.aldringoghelse.no
www.helsenorge.no/sykdom/demens/
ww.nasjonalforeningen.no/demens/

Kontaktinformasjon
Sjukepleiar/demenskoordinator
Kamilla Grimstad Hagen
Telefon: 48 10 44 97
E-post: kamilla.grimstad.hagen@hareid.kommune.no

Trefftid på telefon
måndag – fredag mellom kl 09.00 - 15.00

Ta gjerne kontakt!

På denne lenka finn du brosjyre (PDF) for nedlasting. (PDF, 382 kB)

Artikkelliste