Folkehelse

Folkehelse

Folkehelsearbeid er å skape gode helsevilkår for alle innbyggarar i kommunen. Arbeidet skal leggje til rette for sunne levevaner, fremje fellesskap og tryggleik, inkludering og deltaking.

Målet er å førebygge sjukdom og skadar, og beskytte mot helsetruslar. Folkehelsearbeid er alle sitt ansvar. God helse er ein viktig ressurs for den einskilde og for samfunnet som heilskap. Folkehelsearbeidet skal fremje helse og trivsel og støtte opp under godt kvardagsliv for innbyggarane i Hareid.

Det overordna målet for folkehelsearbeidet i Noreg er fleire leveår med god helse for den einskilde og å redusere sosiale helseskilnadar i befolkninga.

Her kan du lese lova om folkehelsearbeid

 

Korleis er folkehelsa i Hareid?

Folkehelseinstituttet utarbeider ein folkehelseprofil med oversikt over helsetilstanden for befolkninga i kommunen. 

Her kan du hente folkehelseprofilen for Hareid kommune.

Kvart fjerde år utarbeidar kommunen ei folkehelseoversikt. Den skal identifisere folkehelseutfordringar og ressursar. I tillegg skal den innehalde fagleg vurdering av årsaksforhold og konsekvens.

Her kan du lese folkehelseoversikta for Hareid kommune frå 2020  (PDF, 6 MB)

 

Folkehelsekoordinator

Hareid kommune har ein folkehelsekoordinator i 50 prosent stilling. Ansvarsområdet til folkehelsekoordinatoren er:

  • å bidra med å kartlegge behov for tiltak og fastsetje mål innan folkehelse.
  • å samordne ulike førebyggjande folkehelsetiltak og vere pådrivar for nye tiltak.
  • å delta i ulike tverrfaglege grupper, og samarbeide med ulike fagområde innan folkehelse, internt og eksternt.

Kontakt

Silje Kiperberg Aksnes
vikar folkehelsekoordinator/SLT-koordinator
E-post
Mobil 95 89 12 89