Avlasting utanfor institusjon

Avlasting utanfor institusjon

Avlastning blir gitt til familiar med eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Omsorgsbehovet må vere omfattande og av fysisk, psykisk eller sosial karakter. 

Mål for tenesta

Avlaste personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid slik at den omsorgstrengande kan bu lengst mogleg i eigen heim. 

Praktiske opplysningar
  • Avlastning er tidsavgrensa
  • Den som skal på avlastningsopphald vert oppmoda til å ha med seg nødvendig personleg utstyr, medisin/multidose, tekniske hjelpemiddel og medisinsk forbruksmateriell
  • Omfang og innhald av tenesta vert individuelt tilpassa etter avtale med tenestemottakar. Kommunen har høve til å avgrense tilbodet etter faglege vurderingar
  • Tenestemottakar er ansvarleg for transport til/frå avlastningsopphaldet
  • Dersom tenestemottakar er avhengig av å reise med drosje til/frå avlastningsopphaldet kan det bestillast transport via Pasientreiser. Helsepersonell kan hjelpe til å bestille.
  • Tenestemottakar må sjølv betale for aktivitetar som ikkje skjer i regi av institusjonen 
Dette forventar vi av dei som får tenesta
  • Har med seg naudsynte medisinar og forbruksmateriell
  • Opptrer på ein respektfull måte overfor tilsette og medpasientar
  • Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket
  • Utfører sjølv det han/ho meistrar av daglege aktivitetar
  • Sørger for at private klede er merka med namn 
Dette kan du forvente av oss
  • Vi skal opptrer på ein respektfull måte
  • Vi skal legge til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar 
Tenesta inkluderer ikkje
  • Utgreiing, behandling eller rehabilitering  
  • Oppfølging frå sjukeheimslege. Ved behov for lege må fastlege eller legevakt nyttast og betalast av tenestemottakar
  • Vask av private kle 
Desse kan få tenesta
  • Pårørande som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid
  • Der omsorgsbehovet er av ein slik art at det gir avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie/fritid for omsorgsytaren
  • Der den omsorgstrengande ikkje kan vere åleine heile eller delar av døgnet
  • Omsorgsbehovet må vere omfattande og av fysisk, psykisk eller sosial karakter 
Dette kostar tenesta

Det er ikkje krav om eigenbetaling.

Rett til å klage

Er du usamd i vedtaket, kan du klage. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket. Ein klage må vere skriftleg og signert av deg, eller den som har fullmakt til å gjere det for deg

Har du spørsmål?

Du kan sende e-post til sektoren. Hugs at du ikkje må dele sensitive personopplysningar i e-post. Skriv namn, kva teneste du har spørsmål om og kontaktinformasjon, så kontaktar rette vedkomande deg.

Treng du å dele sensitiv informasjon, til dømes helseopplysningar, kan du gjere det via denne portalen.  

Her kan du sende e-post.