Målet er at du får moglegheit for eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for si funksjonsnedsetting.
I BPA-ordninga er du sjølv, eller nokon som står deg nær, arbeidsleiar. BPA er ein alternativ måte å organisere desse tenestene på:
- praktisk og personleg hjelp i dagleglivet
- støttekontakt
- avlastning til barn under 18 år
Kven kan få BPA?
BPA passer til yngre med funksjonsnedsetting som ønskjer å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsette og leie dine eigne assistentar, kan du som arbeidsleiar for assistentane sjølv organisere hjelpa
Du har krav på tenester organisert som BPA når du:
- er under 67 år
- har eit langvarig og stort behov for personleg assistanse (meir enn 2 år) som overstig 32 timar bistand per veke
For meir informasjon om retten til BPA, sjå pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 d.
Korleis søkje om brukarstyrt assistanse?
Søknadsskjema finn du her. Kryss av for BPA (brukarstyrt personleg assistanse). Dokumentasjon frå lege, sjukehus eller andre instansar skal leggjast ved søknaden
Kva kostar det?
Sjølve BPA-ordninga er gratis, men du må betalar for heimehjelpsteneste.
Betalingssatsar for heimehjelp/praktisk bistand er basert på husstanden si samla inntektsgrense som følgjer Grunnbeløpet (G) i Folketrygda, dvs. husstanden si netto likning før særfrådrag.
Når kan du vente svar?
Søknadar vert fortløpande handsama og følger forvaltningsloven sine krav til sakshandsaming. Du får skriftleg melding om vedtak etter at sakshandsamar har gjort vurderingsbesøk og innhenta nok opplysningar i saka til å fatte eit vedtak
Klage på vedtak?
Finn du grunn til å klage på vedtak, har du høve til dette jf. Forvaltningslova §28 og Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Klagefristen er 4 veker frå du mottek vedtaket.
Skriftleg klage skal sendast til Hareid kommune v/kommunalsjef sektor for velferd, Myravegen 11, 6060 Hareid.
Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.