Dagsenter for eldre heimebuande og demente

Dagsenter for eldre heimebuande og demente

Ein sosial møtestad med tilbod om aktivitetar for å bidra til at heimebuande eldre får ein meiningsfull kvardag. 

Mål for tenesta
  • Bidra til at eldre heimebuande får ein meiningsfull kvardag og kan bu heime lengst mogleg  
  • Førebygge behov for omfattande tenester i heimen eller institusjonsplass
  • Gi tenestemottakar eit rikt, variert og meiningsfullt aktivitetstilbod
  • Fremje god helse gjennom aktivitet 
Praktiske opplysningar
  • Måndag – torsdag frå klokka 10
  • Dagsturar kan ha ein eigenandel
  • Dagsenteret er stengd ei til to veker om sommaren og alle heilagdagar
  • Tenestemottakar kan få ein prøvedag før oppstart av teneste etter motteke og innvilga søknad. Prøvedagen er gratis og må vere på den vekedagen det er aktuelt å ha plass
  • Dagsenteret arrangerer ulike temaveker og aktivitetar som følgjer årstidene/ høgtider. I tillegg til matlaging, musikk, konsertar og ulike handverkstema.
  • Dagsenteret har som mål å tilby fysisk aktivitet kvar dag til dømes trim, turar, sittedans, styrke og balansetrening
  • Vi kan tilby gratis transport i bil som kommunen disponerer til og frå dagsenteret, men dette kan bli endra. Brukaren vil då få varsel seinast 14 dagar før endringa trer i kraft. 
Dette forventar vi av dei som mottek tenesta
  • At det vert gitt beskjed så snart som råd om vedkomande ikkje kan delta på dagtilbodet
  • Tek med nødvendig medisin og hjelpemiddel
  • Ansvar for forsvarleg tilkomst til bustaden dersom du nytter transportteneste frå kommunen. Til dømes oppkøyrsel er måka/strødd vinterstid 
Dette kan du forvente av oss

Vi opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar.

Desse kan få tenesta

Personar som  

  • ikkje har eigen familie og nettverk som kan nyttast aktivt
  • ikkje kan nytte tilbod i regi av frivillige, lag og organisasjonar.
  • har funksjonssvikt som gjer at hen kan ha nytte av eit tilbod på dagsenteret.

Dei som skal få tilbodet må kunne nyttiggjere seg av tilbodet og kunne fungere i ei gruppe slik at aktivitetane bidreg til å vedlikehalde funksjonsnivået

 

Særskilt om dagtilbod til personar med demens:

  • Mottakar må ha ein viss fysisk funksjon
  • Mottakar må ha ein demensdiagnose, eller vere under utgreiing for demens

 

Dette kostar tenesta

Det er krav om eigenbetaling etter gjeldande satsar fastsett av kommunestyret. 

Betalingssatsar for heimehjelp

Betalingssatsar for heimehjelp

Betalinga blir regulert etter kor stor inntekt brukaren har. Folketrygdas grunnbeløp (G) er per 1. januar 2025 124 028 kroner. For brukarar som har inntekt inntil 2G gjeld betalingssatsen i tabellen uavhengig av kor mange timar den enkelte brukar har fått tildelt. Over 2 G er betalingssatsen 465 kroner per time inntil ein når satsane i tabellen. Tildelte timar utover satsane i tabellen skal ikkje brukaren betale for.
Betalingssatsar for heimehjelp
TIlbod 2025 Timar
Inntil 2 G per månad – uavhengig av tildelte timar 240 Sentral forskrift
Over 2 G pr. månad og time 465 Timepris
2-3 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 1630 Inntil 4 timar
3-4 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 2040 Inntil 5 timar
4-5 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 2450 Inntil 7 timar
Over 5 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 2765 Inntil 8 timar

 

Betalingssatsar for mat frå institusjonskjøken
Betalingssatsar for mat frå institusjonskjøkken
Betalingssatsar 2025
Full kost per døgn (månad=30 dagar) 210
Frukost 75
Middag/middagsombering/sal av middag i spisesal 125

 

Andre betalingssatsar
Andre betalingssatsar
Tilbod 2025 Henta frå
Tryggleiksalarm per månad 420
Korttidsopphald per døgn 200 Sentral forskrift
Dagopphald 115 Sentral forskrift
Nattopphald 115 Sentral forskrift
Mellombels opphald bustad Hadartun 200 per døgn
Dagsenter 185
Langtidsopphald i institusjon Vederlag
Korttidsopphald over 60 døgn Vederlag
Kurdøgnpris institusjon 2635
Fribeløp 10450

 

Eigenandel ved institusjonsopphald

Brukarar som har langtidsopphald på institusjon betalar ein del av inntektene sine i eigenandel. Denne betalinga er regulert i forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.

Utrekninga av eigenandelen er svært individuell og baserer seg på inntekter, gjeldsutgifter, type pensjon og om vedkomande har forsørgeransvar og andre forhold. Brukar, og eventuelt pårørande, skal få god informasjon om kva som ligg til grunn for berekninga av eigenandelen ved starten av opphaldet.

Svært enkelt forklart betalar brukaren 75 prosent av inntekta inntil 1 G (124 028 kroner per 1. januar 2025) og 85 prosent av inntekta over 1 G. Betalinga skal likevel avgrensast slik at alle skal ha minst 25 prosent av 1 G og eit fribeløp som for 2024 er på 10450 kroner.

Kurdøgnprisen, som avgjer maksimal eigenandel, er 2635 kroner i 2025. Det betyr at ingen betaler meir enn 2635 kroner gonger talet på dagar i månaden i eigenandel.

Rett til å klage

Er du usamd i vedtaket, kan du klage. Klagefristen er fire veker frå du mottok vedtaket.

Ein klage må vere skriftleg og signert av deg, eller den som har fullmakt til å gjere det for deg

Klagen kan sendast via denne portalen Svar sikkert med eDialog - Hareid kommune

Heimel: Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2 

Andre opplysningar

Lenke til kvalitetsstandard. (PDF, 2 MB)

Tilbodet er ikkje heimla i lov, med unntak av dagtilbod for heimebuande personar med demens som er heimla i lov om helse- og omsorgstenester paragraf 3-2 første ledd punkt 7

IPLOS-tenestetype 4: dagaktivitetstilbod 

Har du spørsmål?

Du kan sende e-post til sektoren. Hugs at du ikkje må dele sensitive personopplysningar i e-post. Skriv namn, kva teneste du har spørsmål om og kontaktinformasjon, så kontaktar rette vedkomande deg.

Treng du å dele sensitiv informasjon, til dømes helseopplysningar, kan du gjere det via denne portalen.  

Her kan du sende e-post.

Kontakt

Kari Anne Eidsvik
E-post