Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Dagsenter for eldre heimebuande

Dagsenter for eldre heimebuande

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Lovgrunnlag

Tilbodet er ikkje heimla i lov, med unntak av dagtilbod for heimebuande personar med demens som er heimla i Lov om helse- og omsorgstenester § 3-2, første ledd pkt. 7.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 7-2.

IPLOS-registrering

Ja. IPLOS-tenestetype 4: Dagaktivitetstilbod.

Kostnad

Det er krav om eigenbetaling etter gjeldande satsar fastsett av kommunestyret

Mål for tenesta
  • Bidra til at eldre som bur heime får ein meiningsfull kvardag og kan bu heime lengst mogleg
  • Førebygge behov for omfattande tenester i heimen eller institusjonsplass
  • Gje tenestemottakar eit rikt, variert og meiningsfult aktivitetstilbod
  • Fremje god helse gjennom aktivitet
Kriterier for tildeling
  • Funksjonssvikt som gjer at søkar kan ha nytte av eit tilbod på dagsenteret.
  • Må kunne nyttiggjere seg av tilbodet og kunne fungere i ei gruppe slik at aktivitetane bidreg til å vedlikehalde funksjonsnivået

Særskilt om dagtilbod til personar med demens:

  • Mottakar må ha ein viss fysisk funksjon
  • Mottakar må ha ein demensdiagnose, eller vere under utgreiing for demens
Praktiske opplysningar
  • Dagsenteret er eit aktivitetstilbod for heimebuande med hjelpe-/omsorgsbehov
  • Tilbodet vert hovudsakleg retta mot personar med demens
  • Måndag og onsdag: oppmøte ved dagsenter
  • Tysdag og torsdag: individuell oppfølging av demente i heim
  • Tilbodet inkluderer frukost, middag/kaffi og deltaking i gruppeaktivitetar
  • Dagsturar kan ha ein eigenandel
  • Dagsenteret held til ved hovudinngangen til Hareid sjukeheim og er ope måndag og onsdag
  • Opningstida er kl. 10-15
  • Dagsenteret er stengt fire veker om sommaren, samt alle heilag dagar
  • Tenestemottakar kan få ein prøvedag før oppstart av teneste etter motteke og innvilga søknad
  • Prøvedagen er gratis og må vere på den vekedagen det er aktuelt å ha plass
  • Dagsenteret arrangerer ulike temaveker, som t.d. mat-, vinter- og erindringsveke, aktivitetar som fylgjer årstider/høgtider samt matlaging, konsertar, erindringsgruppe og diverse handverkstema etter sesong. Dei kan ta del i aktuelle arrangement som skjer på Hadartun og også time med frisør og/eller fotpleie
  • Dagsenteret har som mål å tilby fysisk aktivitet kvar dag t.d. trim, turar, sittedans, styrke- og balansetrening
Forventningar til tenesteyta

Opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar

Forventningar til tenestemottakar
  • At det vert gitt beskjed så snart som råd om vedkomande ikkje kan delta på dagtilbodet
  • Tek med nødvendig medisin og hjelpemiddel
  • Ansvar for forsvarleg tilkomst til bustaden dersom du nytter transportteneste frå kommunen. T.d. brøyting/strøing på vinterstid
Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon.