Hadartun - omsorgsbustad utan bemanningSektor for velferd disponerer 35 omsorgsbustadar ved Hadartun. Av desse vert 33 nytta til langtidsutleige og 2 til tidsavgrensa (midlertidig) opphald. Det er viktig å presisere at dette ikkje er sjukeheimsplassar, men omsorgsbustadar der bebuar får heimetenester.Kvart husvære er på om lag 50 kvadratmeter, og inneheld bad, soverom, stove med open løysing til kjøken og eigen veranda og bod. Husvære til langtidsutleige er utan møblar og kvitevarer. Husværa som vert nytta til tidsavgrensa opphald er møblert. Mål for tenestaOmsorgsbustad skal bidra til at bebuaren kan vere mest mogleg sjølvstendig og trygg i eigen bustad. Offentleg teneste er lett tilgjengeleg. Tildeling skjer etter LEON-prinsippet. Praktiske opplysningarKommunen har 30 omsorgsbustader.Leigetakar får ikkje automatisk tildelt andre tenester og må søkje på lik linje med andre heimebuande. Tildeling av andre tenester vert gjort ut frå individuelle vurderingar. Særskild for omsorgsbustader:Ved tildeling av omsorgsbustad vert det inngått husleigekontrakt med Hareid kommune, kommunal eigedomLeigeforholdet vert regulert av HusleigelovaHusleigesats er per dags dato 34,5 prosent av bruttoinntekt eller maksimum 7.930 kroner og skal betalast innan den 20. kvar månadLeigetakar kan søkje bustønad hjå Husbanken. Søknad om stønad vert sendt saman med signert leigekontrakt til utleigeansvarleg, kommunal eigedomSøkar kan ikkje søke på ein bestemt bustad etter lokalisering. Kommunen tildeler den bustaden som er ledig og som stettar behova til søkarTakkar du ja til tildelt bustad må kontrakt signerast innan to veker. Takkar du nei til tildelt bustad vert saka avslutta og du må søke på nytt.Tenestemottakar må sjølv møblere bustaden og ha eiga innbuforsikringBebuar som ikkje greier å vaske opp for hand vert oppmoda om å skaffe oppvaskmaskin for benk Tenestemottakar må sjølv melde flytting til folkeregisteret, posten med meir. Særskild for tidsavgrensa opphald:Lengde på tidsavgrensa opphald vert regulert gjennom individuell vurdering og enkeltvedtakOpphaldet kan verte gitt som betalingsopphald eller avlastningsopphald ut frå kommunale individuelle vurderingarOpphald kan tildelast til heimebuande med kronisk eller akutt funksjonstap der det ikkje er behov for sjukeheim eller sjukehusopphaldKan tildelast til pasientar etter utskriving frå sjukeheim eller sjukehus før retur til heim Dette forventar vi av deg som får tenesta Duopptrer respektfullt i møte med tilsette og medbebuarar deltek i daglege gjeremål i den grad du klarar detsøker om tenester i bustaden, som til dømes heimesjukepleie, matombering og praktisk bistand (heimehjelp)gjer deg kjend med vedtakethar gjort nødvendige utbetringar av eigen bustad før du søker omsorgsbustadhar vurdert å kjøpe eller leige funksjonell bustad på den private marknaden, men at dette ikkje har ført framgir beskjed til heimeteneste/ kommunal eigendom dersom du oppdagar manglar eller skade på husværetgir beskjed til heimetenestene dersom du reiser bort ein periode Bebuar eller pårørande må skriftleg seie opp bustad ved opphøyr og må ta ansvar for nedvask ved utflytting. Oppseiing sendast til kommunal eigendom Dette kan du forvente av ossHelsetenestene kan vidareformidle meldingar om feil eller manglar ved bustaden til kommunal eigedom. Tenesta inkluderer ikkjeDagleg vedlikehald som reinhald, skifte lyspærer, opne tette slukar og liknande som er knytt til normal slitasje/forbruk er eit privat ansvar for omsorgsbustader med langtidsleige. Desse kan få tenestaSøkar treng særskild tilrettelagd bustad og er ikkje i stand til å skaffe dette sjølv eller få hjelp til dette med andre.Helsemessige, økonomiske, psykiske eller sosiale forhold må ligge til grunn for tilbod om omsorgsbustad gjennom kommunen.Andre tiltak i søkjar sin heim har vore utprøvd Dette kostar tenestaBebuar som er tildelt tenesta inngår husleigekontrakt med sektor for kommunale bygg og betaler husleige og straum. Husleigesats er per dags dato 7500 kroner pluss straum og skal betalast innan den 20. kvar månad Kostnadar for andre tenester som praktisk bistand, tryggleiksalarm og fullkost kjem i tillegg. SøknadsskjemaSøknad om helse- og omsorgsteneste.Rett til å klageEr du usamd i vedtaket, kan du klage. Klagefristen er fire veker frå du mottok vedtaket. Ein klage må vere skriftleg og signert av deg, eller den som har fullmakt til å gjere det for deg Klagen kan sendast via denne portalen Svar sikkert med eDialog - Hareid kommune Heimel: Lov om pasient- og brukerrettigheter paragraf 7-2 Har du spørsmål? Du kan sende e-post til sektoren. Hugs at du ikkje må dele sensitive personopplysningar i e-post. Skriv namn, kva teneste du har spørsmål om og kontaktinformasjon, så kontaktar rette vedkomande deg.Treng du å dele sensitiv informasjon, til dømes helseopplysningar, kan du gjere det via denne portalen. Her kan du sende e-post. Publisert 04.02.2021 12:52 Sist endra 03.12.2025 10:11