Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Heimesjukepleie - helseteneste i heimen

Heimesjukepleie - helseteneste i heimen

Heimesjukepleie er ei heildøgnsteneste som skal legge til rette for at flest mogleg kan bu i eigen heim så lenge dei sjølve ønskjer det. Målet er å gje individuelt tilpassa tenester utan omsyn til alder, diagnose eller bustad

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2, 6a.
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a

Rett til å klage

Finn du grunn til å klage på vedtak, har du høve til dette jf. Forvaltningslova §28 og Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Klagefristen er 4 veker frå du mottek vedtaket.

Skriftleg klage skal sendast til Hareid kommune v/kommunalsjef sektor for velferd, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

IPLOS-registrering

Ja. IPLOS-tenestetype 15: Helsetenester i heimen.

Kostnad

Det er ikkje krav om eigenbetaling for tenesta.

Mål for tenesta
  • Gje tenestetilbod på rett nivå ut frå individuell kartlegging av tenestemottakar sine behov
  • Førebygge, behandle og legge til rette for meistring av sjukdom, skade, liding og nedsett funksjonsevne
  • Tenestemottakar klarer seg i eigen bustad med nødvendig hjelp
  • Behov for plass på institusjon vert unngått eller utsett
Kriterier for tildeling
  • Tenesta vert tildelt personar som bur eller oppheld seg i kommunen og som oppfyll kriterium for å få nødvendig helsehjelp. Du må heilt eller delvis ha behov for hjelp til å ta i vare eiga helse på ein fagleg forsvarleg måte
  • Tenesta er behovsprøvd og tidsavgrensa
Praktiske opplysningar
  • Om nødvendig kan tenesta starte opp før søknad og formell sakshandsaming er på plass. Saka vert då handsama i etterkant dersom behovet varer ut over 14 dagar
  • Heimesjukepleie er ei døgnteneste
  • Heimesjukepleia utfører oppgåver som brukar sjølv ikkje klarer, til dømes:
  • Hjelp til personleg hygiene (dusj minst ein gong anna kvar veke)
  • Hjelp til toalettbesøk
  • Hjelp til ernæring/tilrettelegging av måltid der tenestemottakar av helsemessige årsakar ikkje kan ivaretake dette sjølv eller er i risiko for feil-/underernæring
  • Legemiddelhandtering
  • Medisinske vurderingar i samråd med lege, nødvendige observasjonar, rådgjeving og tilrettelegging i høve sjukdom og førebygging
  • Opplæring og vedlikehald av ferdigheiter for å ivareta eiga helse
  • Pleie av alvorleg sjuke og døyande
  • Der brukar ikkje kan oppsøke legekontoret kan heimesjukepleia også gje anna hjelp t.d. sårbehandling, injeksjonar og blodprøver
  • Hovudtyngda av bistand til å stå opp/personleg hygiene om morgonen vert gitt i tida 08:30 - 11.30
  • Hovudtyngda av bistand til personleg hygiene og legging på kveld vert gitt i tida 19.00 - 22.00
  • Alle som har helsetenester i heimen minst ein gong per veke i tre månader eller meir har rett til gratis nødvendig tannbehandling frå den offentlege tannhelsetenesta jf. Lov om tannhelsetenester
  • Dersom det oppstår akutte situasjonar i tenesta kan enkelte oppdrag bli utsett eller avlyst
  • Kvar enkelt oppdrag vert utført ut frå behov for fagkompetanse og kan verte ytt av både kvinner og menn
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer
  • Fylgje til lege og korttidsopphald på sjukeheim
  • Skyss/transport i bil
  • Handle mat-/daglegvarer
  • Tenester som kan utførast ved legesenter (sårstell, ta blodprøver, urinprøver, injeksjonar m.m.)
  • Fysiske tilsyn vert som hovudregel ikkje utført utan at det ligg føre konkrete hjelpebehov
Forventningar til tenesteytar
  • Opptrer på ein respektfull måte i tenestemottakar sin heim
  • Gjer seg kjent med og utfører tiltak etter prosedyre
  • Gjev beskjed til tenestemottakar så snart som råd om avtalar må endrast
  • Bidrar til at tenestemottakar og pårørande sine ønsker for livet sine siste dagar vert imøtekomen så langt som råd er
  • Skal ikkje handtere brukar sine kontantar eller bankkort
Forventningar til tenestemottakar
  • Er til stades når tenesteytar kjem
  • Gje beskjed til heimetenesta dersom ein ikkje er heime til avtala tid
  • Gjere mest mogleg sjølv i den grad ein greier det
  • Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket
  • Opptrer respektfullt i møte med tenesteytar
  • Samarbeide ved tilrettelegging av hjelpemiddel i heimen, for å ivareta god helsehjelp og arbeidsmiljøet til tenesteytar
  • Gje heimetenesta tilgang til nøkkel dersom det er vanskeleg for tenestemottakar å opne døra sjølv
  • Halde husdyr i trygg forvaring så lenge tenesteytar er i bustaden
  • Lufte bustaden før hjelp samt halde bustaden røykfritt så lenge tenesteytar er til stades

 

Sørge for snømåking og strøing frå tilkomstveg og fram til inngangsdør (har du dagleg hjelp frå heimetenesta får du gratis kommunal brøyting av tilkomstveg).

Kontakt

Christina Aasen-Helvig
einingsleiar
E-post
Mobil 47 68 28 34
Sutharsiny Satheeskumar
fagkoordinator
E-post
Mobil 46 80 13 12
Tonje Holstad
fagkoordinator
E-post
Mobil 91 56 67 33