Kreftkoordinator - kreftomsorg

Kreftkoordinator - kreftomsorg

Å bli diagnostisert med kreft er vanskeleg og kaotisk for dei fleste, og problema kan vere komplekse og samansette - både fysisk, psykisk, sosialt, praktisk og eksistensielt.

Lovgrunnlag

Tenesta er ikkje heimla i lov.

Rett til klage

Ikkje krav om enkeltvedtak og difor ingen formell rett til klage.

IPLOS-registrering

Ja. IPLOS-tenestetilbod 252: Kreftsjukepleie

Kostnad

Det er ikkje krav om eigenbetaling

Mål for tenesta

Koordinatoren er med på å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i kommunen.

Kriterier for tildeling

Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod der pasient eller andre kan ta kontakt i alle fasar av sjukdomsutviklinga. Tilbodet gjeld både pasient, pårørande, helsepersonell og andre aktuelle.

Praktiske opplysningar
  • Kreftkoordinator kan tilby hjelp og støtte til kreftramma og deira pårørande
  • Kreftkoordinator kan vere bindeledd mellom fastlege, spesialisthelsetenesta og kommunen samt formidle kontakt mellom dei ulike kommunale tenestene
  • Kreftkoordinator kan svare på faglege spørsmål, gje rettleiing og samtalar samt bidra til trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen
  • Kreftkoordinator kan vere ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft eller som er pårørande til kreftsjuke
  • Kreftkoordinator er ikkje ei døgnbemanna teneste
  • Kreftkoordinator erstattar ikkje andre tenester, som t.d. heimeteneste, praktisk bistand eller støttekontakt
Forventningar til tenesteytar
  • Viser respekt for den enkelte brukar og familie
  • Bidreg til å utforme tenesta i samråd med tenestemottakar og ut frå individuelle vurderingar
    • Gjev beskjed så snart som råd om avtalar må endrast
    • Bidreg til at tenestemottakar og pårørande sine ønsker kring livet sine siste dagar vert avklart og imøtekomen så langt som råd er
    • Viser vidare og koplar inn andre tenester når ein ser behov for dette
    • Er sentral i utarbeiding av palliativ plan eller hjelper medkollegaer i dette arbeidet
Forventningar til tenestemottakar
  • Er tilstade/ møter opp ved avtala heimebesøk eller møter
  • Meldar frå snarast ved eventuelle endringar kring avtale
  • Opptrer respektfullt ovanfor tenesteytar
Merknad

Kreftkoordinator er kommunen sin kontaktperson for pakkeforløp heim for pasientar med kreft.

Kontakt

Karoline Røvreit Flø
sjukepleiar
E-post
Mobil 91 56 67 35