Praktisk bistand opplæringDenne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Lovgrunnlag Lov om kommunale helse– og omsorgstjenester § 3-2, 6 b. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a. Rett til klage Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. IPLOS-registrering Ja. IPLOS-tenestetype 2: Praktisk bistand – Opplæring daglege gjeremål. Kostnad Det er ikkje krav eigenbetaling. Mål for tenesta At tenestemottakar med dette tenestetilbodet i stor grad skal kunne meistre daglege gjeremål og halde ved like funksjonar og/eller tileigne seg ny kunnskap med opplæring og tilrettelegging. Kriterier for tildeling Dersom tenestemottakar har behov for tilrettelegging eller opplæring i dagleglivets gjeremål kan vedkomande få innvilga praktisk bistand opplæring, her også målretta miljøarbeid Tenesta er for personar som treng opplæring, rettleiing eller tilrettelegging i å ivareta dei daglege gjeremåla eller som treng hjelp med å organisere kvardagen sin Praktiske opplysningar Praktisk bistand opplæring kan tildelast som målretta miljøarbeid. Dette er ein metode for å gjere tenestemottakar i stand til, med sine eigne ressursar, å ivareta daglege aktivitetar og trene på å bli betre i stand til å ivareta dette sjølv Omfang, formål og tidsavgrensing vert presisert i vedtaket Det vert i løpet av vedtaksperioden vurdert om tenestemottakar sitt behov for bistand står i stil med tildelte timar Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer Praktisk bistand til gjeremål som tenestemottakar ikkje tek del i sjølv eller trenar på å meistre sjølv Forventningar til tenesteytar Opptrer på ein respektfull måte i brukar sin heim Gir beskjed i rimeleg tid dersom avtalar vert utsett eller avlyst Gjer ei fortløpande vurdering av hjelpebehov og vedtaket vert endra i takt med dette Forventningar til tenestemottakar Tek aktivt del i utføringa av gjeremåla som skal gjerast. Publisert av Helga Bøe Sist endra 21.02.2022 14:10