Transportteneste (TT-kort)Funksjonshemma og eldre med funksjonstap kan nytte eit såkalla dør- til dør kort når de skal ut å reise med taxi i samband med fritidsreiser. Kortet kan ikkje nyttast til reiser som kjem under trygdeordningar (t.d. reiser til lege, fysioterapeut etc). Lovgrunnlag Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Møre og Romsdal fylkeskommune har overordna ansvar og har utarbeidd eigne retningsliner. Hareid kommune handsamar søknadar om TT-kort i samsvar med desse Rett til klage Vedtak om brukargodkjenning, vedtak om avslag på brukargodkjenning og vedtak om oppheving av brukargodkjenning, er einskildvedtak med klagerett, jf. forvaltningslova. Kommunen sitt klageorgan er klageinstans. IPLOS-registrering Nei. Kostnad Det er ikkje krav om eigenbetaling. Mål for tenesta Ordninga skal medverke til at personar med funksjonsnedsetting skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg. Kriterier for tildeling Personar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting har store vanskar med å nytte offentleg transportmiddel Søkar må ha ei varig fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting, det vil seie minimun eitt år Varig forflyttingsnedsetting knytt til visse delar av året Kriterier som ikkje er grunnlag for tildeling: Mangel på offentleg transport Naturleg alderdomssvekking utan anna funksjonsnedsetting Praktiske opplysningar Tilrettelagt transport (TT-ordninga) er eit tilbod om drosjetransport til personar som har varig forflytningsnedsetting Søknad på eige skjema. Legeattest eller attest frå fysioterapeut eller ergoterapeut må leggast ved TT-ordninga skal berre nyttast til lokale fritidsreiser og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som vert dekt av folketrygda Brukar som har behov for følge kan ha med ein hjelpar utan ekstra kostnad Kommunen godkjenner brukarar av transporttenesta etter søknad på fastsett søknadsskjema. Skjema finn du på heimesida til Hareid kommune eller Møre og Romsdal fylkeskommune. Erklæringa MÅ fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg med berre eit skriv frå legen Verdikort/brukarkort skal ikkje fornyast. Det vert automatisk fylt på 2 gonger per år (1/1 og 1/7) Det står i vedtaket dersom det har avgrensa lengde Eventuelt restbeløp per 30/6 vert overført til 2. årshalvdel Eventuelt restbeløp på kontoen vert nulla ut ved årsslutt Informasjon om tenesta på Møre og Romsdal fylkeskommune si side. Forventningar til tenestemottakar At de tek godt vare på TT-kortet sitt, og bestiller sjølv nytt ved tap av kort. Kontakt servicetorg og politisk sekretariat i kommunen for hjelp Publisert 25.10.2018 10:37 Sist endra 20.03.2023 04:17