Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ei velferdsteknologisk løysing som kan bidra til at du kan bu og leve trygt i din eigen heim lengst mogleg. Tryggleiksalarm er eit tilbod til eldre og personar med nedsett funksjonsnivå. Alarmen kan nyttast heile døgnet.

Kven kan få tryggleiksalarm?

Tryggleiksalarm er eit lavterskeltibod og vert tildelt så langt kommunen har ledige alarmar i dei høve der det føreligg eit reelt behov.

Den som får tildelt alarm må:

  • gi ut nøklar til dei som skal kontaktast når alarmen vert utløyst
  • erstatte alarmen/utløysaren om den kjem vekk eller vert øydelagt

Det er ikkje lenger krav til å ha fasttelefon for å få installert tryggleiksalarm. Tryggleiksalarmane er direkte kopla til heimesjukepleia sin vakttelefon.
Dersom du er usikker på om alarmen virkar slik den skal, må du ta kontakt med heimesjukepleia sin vakttelefon på nr. 915 66 732 for å informere om dette før testing. Ver spesielt merksam etter tordenvèr og straumbrot.

Kva kostar tenesta?

Leige av tryggleiksalarm kostar frå 01.01.2021 kr. 360 per månad.

Korleis søke om tryggleiksalarm?

Søknadsskjema finn du her. Kryss av for Tryggleiksalarm. Som regel får søkjar besøk av fagkoordinator i heimetenesta for å vurdere individuelt behov ut frå livssituasjon og helse.

Søknadane vert handsama fortløpande.

Når kan du vente svar?

Søknader vert fortløpande handsama og følger Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker sine krav til sakshandsaming. Du får skriftleg melding om vedtak etter at sakshandsamar har innhenta nok opplysningar i saka til å fatte eit vedtak, eventuelt etter eit vurderingsbesøk.

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtaket, har du høve til dette jf. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker §28 og Lov om pasient- og brukerrettigheter §7-2. Klagefristen er 4 veker frå du mottek vedtaket.

Skriftleg klage skal sendast til Hareid kommune v/kommunalsjef sektor for velferd, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.

Lovgrunnlag

Tenesta er ikkje heimla i lov.

Kontakt

Christina Aasen-Helvig
einingsleiar
E-post
Telefon 70 03 75 35
Mobil 476 82 834
Sutharsini Satheeskumar
fagkoordinator
E-post
Mobil 468 01 312
Tonje Holstad
fagkoordinator
E-post
Telefon 70 03 75 41