Dagaktivitetstilbod til personar med psykisk helse- og/eller rusutfordring LovgrunnlagLov om helse- og omsorgstjenester § 3-3. Rett til klageLov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. IPLOS-registreringJa. IPLOS-tenestetype 4: Dagaktivitetstilbod. KostnadDet er ikkje krav om eigenbetaling Mål for tenesta Eit helsefremmande tiltak som skal bidra til auka sosial deltaking i eit fellesskap og nettverksbygging. Førebygge isolasjon samt motivere og gje hjelp og støtte til å meistre utfordringar i kvardagen. Kriterier for tildeling Fellesskapet dagaktivitetstilbod er eit lågterskeltilbod for menneske over 18 år som har psykiske vanskar/lidingar og eventuelt rusproblem Tenestemottakar får tenesta ved tilvising frå lege, spesialisthelsetenesta eller ved å ta direkte kontakt med tenesta Praktiske opplysningarFellesskapet dagaktivitetstilbod held til i 1. etasje ved Hadartun med eigen inngong ned mot sentrumOpningstid er måndag kl. 11:00 – 15:00 og onsdag kl. 11:00 – 15:00Ved Fellesskapet møtest tenestemottakar i ei trygg og open atmosfære og driv ulike aktivitetar med dei ressursar de harFellesskapet er i stor grad brukarstyrt og brukarane er med å forme dagane sjølveTilbod om kreativ aktivitet, trim, friluftsaktivitet og lesegruppeDet kan vere aktuelt med eigenandel til utgift ved turar og felles lunsjFellesskapet har 4 veker sommarstengtOppgåver som tenesta ikkje inkludererDet er ikkje høve til kommunal transport til og frå tenestetilbodet Forventningar til tenesteytarOpptrer respektfullt i møte med tenestemottakarar. Forventningar til tenestemottakar Opptrer respektfullt i møte med tenesteytar Opptrer respektfullt i møte med andre brukarar Tek med seg nødvendig medisin og hjelpemiddel MerknadSjå kommunen sine heimesider for meir informasjon Publisert 21.02.2022 11:35 Sist endra 28.07.2026 14:58