Dagsenter for eldre heimebuande Lovgrunnlag Tilbodet er ikkje heimla i lov, med unntak av dagtilbod for heimebuande personar med demens som er heimla i Lov om helse- og omsorgstenester § 3-2, første ledd pkt. 7. Rett til klage Lov om pasient- og brukarrettigheiter § 7-2. IPLOS-registrering Ja. IPLOS-tenestetype 4: Dagaktivitetstilbod. Kostnad Det er krav om eigenbetaling etter gjeldande satsar fastsett av kommunestyret Mål for tenesta Bidra til at eldre som bur heime får ein meiningsfull kvardag og kan bu heime lengst mogleg Førebygge behov for omfattande tenester i heimen eller institusjonsplass Gje tenestemottakar eit rikt, variert og meiningsfult aktivitetstilbod Fremje god helse gjennom aktivitet Kriterier for tildeling Funksjonssvikt som gjer at søkar kan ha nytte av eit tilbod på dagsenteret. Må kunne nyttiggjere seg av tilbodet og kunne fungere i ei gruppe slik at aktivitetane bidreg til å vedlikehalde funksjonsnivået Særskilt om dagtilbod til personar med demens: Mottakar må ha ein viss fysisk funksjon Mottakar må ha ein demensdiagnose, eller vere under utgreiing for demens Praktiske opplysningar Dagsenteret er eit aktivitetstilbod for heimebuande med hjelpe-/omsorgsbehov Tilbodet vert hovudsakleg retta mot personar med demens Måndag og onsdag: oppmøte ved dagsenter Tysdag og torsdag: individuell oppfølging av demente i heim Tilbodet inkluderer frukost, middag/kaffi og deltaking i gruppeaktivitetar Dagsturar kan ha ein eigenandel Dagsenteret held til ved hovudinngangen til Hareid sjukeheim og er ope måndag og onsdag Opningstida er kl. 10-15 Dagsenteret er stengt fire veker om sommaren, samt alle heilag dagar Tenestemottakar kan få ein prøvedag før oppstart av teneste etter motteke og innvilga søknad Prøvedagen er gratis og må vere på den vekedagen det er aktuelt å ha plass Dagsenteret arrangerer ulike temaveker, som t.d. mat-, vinter- og erindringsveke, aktivitetar som fylgjer årstider/høgtider samt matlaging, konsertar, erindringsgruppe og diverse handverkstema etter sesong. Dei kan ta del i aktuelle arrangement som skjer på Hadartun og også time med frisør og/eller fotpleie Dagsenteret har som mål å tilby fysisk aktivitet kvar dag t.d. trim, turar, sittedans, styrke- og balansetrening Forventningar til tenesteyta Opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar Forventningar til tenestemottakar At det vert gitt beskjed så snart som råd om vedkomande ikkje kan delta på dagtilbodet Tek med nødvendig medisin og hjelpemiddel Ansvar for forsvarleg tilkomst til bustaden dersom du nytter transportteneste frå kommunen. T.d. brøyting/strøing på vinterstid Merknad Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon. Publisert 21.02.2022 11:33 Sist endra 10.05.2023 12:45