Ergoterapi

Ergoterapi

Ergoterapi skal bidra til å fremje helse gjennom aktivitet samt støtte mennesker i å utføre aktivitetar og delta i samfunnet. Ein ergoterapeut er ein tilrettelggar som skal gjere det mogleg med eit aktivt liv til tross for ulike funksjonshemmingar. Ergoterapeuten jobbar med mennesker i alle aldersgrupper og livsfaser.

Kva er ein ergoterapeut?

Ergoterapeuten arbeider i lag med brukar med tilrettelegging når brukaren si helse gjev utfordringar i kvardagen, eller står i fare for å få slike utfordringar

Ergoterapeuten hjelper menneske til å fungere best mogleg i kvardagen, trass vanskar med å utføre daglege gjeremål grunna sjukdom, skade, alder eller anna funksjonsnedsetting.

I sin arbeidskvardag jobbar ergoterapeuten tett opp mot alle einingane i sektoren samt skule og barnehage.

Kven kan ha nytte av tenesta?

Personar som på grunn av skade, sjukdom, alder eller av andre årsaker har fått redusert funksjonsevne som gjer det vanskeleg å utføre daglege gjeremål.

Kva kan ergoterapeuten kan hjelpe deg med?

  • Førebyggande tiltak
  • Tverrfagleg habilitering og rehabilitering
  • Rettleiing, informasjon og undervisning
  • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
  • Kartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar/arbeidsvanar
  • Legge til rette fysiske omgjevnadar i heim, skule, barnehage og på arbeidsplass
  • Trening av daglege gjeremål
  • Søke på tilskudd til bustad og bil
  • Universell utforming
Kontaktinformasjon

Hareid kommune har per i dag ingen ergoterapeut i stillinga. Fysioterapeutane har ansvar for å søke, tilpasse og gi opplæring i bruken av hjelpemiddel. Driftsteknikar Bjørn Ove Bakke har ansvar for utlevering og innhenting av hjelpemiddel, utfører små reparasjonar og er bindeledd inn mot Hjelpemiddelsentralen.

Synskontakt: Fysioterapeut Matias Mørkedal tlf. 469 27 631

Hørselskontakt: Fysioterapeut Matias Mørkedal tlf. 469 27 631

Hjelpemiddelansvarleg: Fysioterapeut Sunniva Røyset tlf. 958 91 285

Driftsteknikar Bjørn Ove Bakke tlf. 907 80 937

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis, men tiltak som vert sett i verk kan innebere kostnadar.

Korleis søkje om ergoterapi?

Søke om helse- og omsorgstenester og kryss av for ergoterapi/hjelpemiddel

Når kan du vente svar?

Søknadar og forespørslar vert handsama fortløpande.

Hørselshjelpemiddel

HLF - Hørselshemmedes landsforbund har knytta til seg personar på Søre Sunnmøre som gjev hjelp til personar med hørselshemming. Fyrste torsdag kvar månad (ikkje juni og juli) er dei å treffe på Hareid frivilligsentral i tidsromet 11:00 - 13:00. Du kan få hjelp og rettleiing samt kjøpe batteri og andre rekvisita til hørselshjelpemiddel. Dei kan og kome på heimebesøk om ønskeleg.

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak, har du høve til dette jf. Forvaltningslova §28 og Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Klagefristen er 4 veker frå du mottek vedtaket.

Skriftleg klage skal sendast til Hareid kommune v/kommunalsjef sektor for velferd, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans.

Kontakt

Sunniva Røyset
fysioterapeut/hjelpemiddelansvarleg
E-post
Telefon 95 89 12 85