Fysioterapi

Fysioterapi

Fysioterapeutar jobbar med kropp, rørsle og funksjon for å fremje god helse. Fysioterapeutar behandlar personar i alle aldrar, og jobbar helsefremjande og førebyggjande inn mot enkeltpersonar, grupper og på samfunnsnivå.

Om tenesta

Ein fysioterapeut førebygger og behandlar tilstandar som gir smerter og/eller nedsett funksjon i muskel- og skjelettsystemet. Målet er at pasienten kan utvikle, gjenvinne eller halde ved like funksjonsevna, utnytte eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eiga helse. Behandling er basert på undersøking og vurdering av pasienten si utfordring og kva pasienten sjølv ynskjer hjelp til.

Tenesta er delt inn i kommunalt tilsett kommunefysioterapeut og privatpraktiserande fysioterapeutar med driftstilskot.

Korleis får eg tenesta

Tidlegare måtte du ha henvisning frå lege for å få fysioterapi. No kan du ta direkte kontakt på oppgitte nummer for avtale. Fysioterapeuten tek då ei individuell vurdering på kva behov du har for fysioterapi.

Kommunefysioterapeut

Kommunefysioterapeutane jobbar helsefremmande, førebyggjande og med vurdering, rettleiing og behandling individuelt og i grupper. Dei arbeider i hovudsak med barn og unge, pasientar på korttidsplass i institusjon og noko heimebehandling. Fysioterapeutane søker, tilpassar og gir opplæring i bruk av hjelpemiddel.

Sunniva Røyset tlf. 958 91 285

Matias Mørkedal tlf. 469 27 631

Silje Kiperberg Aksnes tlf. 958 91 289

Privatpraktiserande fysioterapeutar

Tilbyr individuell fysioterapiundersøking og behandling, trening av fysiske funksjonar og gruppetrening. Behandlinga føregår i hovudsak på instituttet, men om pasienten ikkje klarer å kome seg dit, kan behandlinga skje i heimen.

Hareid fysikalske institutt Tlf. 700 94 433

- Gry Håberg
- Lena Kvalheim Øvrebø
- Svein Vattøy
- Mathilde Harstad

Kontakt

Sunniva Røyset
fysioterapeut/hjelpemiddelansvarleg
E-post
Telefon 95 89 12 85
Matias Mørkedal
kommunefysioterapeut
E-post
Telefon 46 92 76 31
Mobil 46 92 76 31
Silje Kiperberg Aksnes
vikar folkehelsekoordinator/SLT-koordinator
E-post
Mobil 95 89 12 89