Omsorgsstønad

Omsorgsstønad

Omsorgsstønad er eit pårørandestøttetiltak som skal bidra til gode rammer for privat omsorg og gjere det mogleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse og omsorgstjenester § 3-6.
Lov om pasient- og brukerettigheter § 2-1 a.

Rett til klage

Lov om pasient- og brukerettigheter § 7-2

IPLOS-registrering

Ja.
IPLOS-tenestetype 11: Omsorgsstønad.

Kostnad

Det er ikkje krav om eigenbetaling.

Mål for tenesta
  • Omsorgsstønad er eit pårørandestøttetiltak som skal bidra til gode rammer for privat omsorg og gjere det mogleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet
  • Omsorgsstønad er meint å gje ein økonomisk verdsetjing for det omsorgsarbeidet den private omsorgsytaren gjer, og kan gis i kombinasjon med eller i staden for andre helse- og omsorgstenester
Kriterier for tildeling
  • Vilkåra er at:
    • Omsorgsarbeidet er nødvendig
    • Det nødvendige omsorgsarbeidet er vurdert til å vere «særleg tyngande»
    • Både omsorgsmottakar og omsorgsytar ønsker at omsorgsarbeidet skal halde fram
  • Moment som vert tatt omsyn i vurderinga om omsorgsarbeidet er særleg tyngjande:
    • Omfanget av arbeidet
    • Fysisk og/eller psykisk belastning
    • Varigheit, fordeling over tid og når på døgnet
    • Omsorgsytar si livs-, arbeids- og familiesituasjon
    • Omsorgsplikt
    • Inntektstap (gjev ikkje automatisk rett på omsorgsstønad)
  • For at omsorgsstønad skal tildelast, må både kommunen og den som har behov for tenestene vurdere omsorgsytar si omsorgsevne som mest tenleg og nødvendig
  • Det må vere søkt om hjelpestønad frå NAV
  • Omsorgsstønad må vurderast opp mot andre tenester og tiltak
Praktiske opplysningar
  • Både omsorgsytar og omsorgsmottakar kan søke på tenesta
  • Omsorgsstønad vert gitt for ei avgrensa tidsperiode og vert revurdert ved behov/endra omsorgssituasjon
  • Omsorgsstønaden tek ikkje sikte på å godtgjere den som yt omsorg time for time, men er ein kompensasjon for meirarbeidet som vert gjort
  • Omsorgsstønad er skattepliktig inntekt
  • Timesats for omsorgsstønad er lik begynnarløn for assistentar, jf. HSU-sak 0012/01
  • Avtale om omsorgsstønad gjev ikkje rett til feriepengar eller løn under sjukdom
  • Hjelpestønad frå NAV og andre tiltak kjem i fråtrekk ved utmåling av omsorgsstønad
  • Kommunen kan etter motteke søknad på omsorgsstønad krevje at omsorgsmottakar søker om hjelpestønad frå NAV før søknaden vert handsama
  • Omsorgsstønaden vert stoppa og det vert sendt skriftleg varsel når behovet til omsorgsmottakar fell bort
Forventningar til tenesteytar
  • Vedtak og avtale om omsorgsstønad vert revurdert innan fristen som er satt for dette.
Forventningar til tenestemottakar
  • Gi nødvendig informasjon samt samtykkje til å innhente relevante opplysningar for vurdering og tildeling av teneste
  • Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket
  • Pliktar å melde frå til einingsleiar eller sakshandsamar dersom:
    • Omsorgsytar oppheld seg i institusjon med heildøgns omsorg eller sjukehus i meir enn to veker. Omsorgsstønaden vert då mellombels stoppa
    • Det oppstår endringar i omsorgsarbeidet som ligg til grunn for tildelt omsorgsstønad
    • Situasjonen til omsorgsytar endrar seg og det oppstår endringar som medfører avbrot i omsorgsarbeidet
Merknad

Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon