«Opa Dør» er eit lavterskeltilbod

«Opa Dør» er eit lavterskeltilbod

Hareid kommune har eit lavterskeltilbod for deg som strevar med ulike typar utfordringar. Målet er å vere lett tilgjengeleg og kunne tilby samtale innan kort tid.

Illustrasjonstegning av to personar som sit i stolar og snakkar med kvarandre. - Klikk for stort bilete shutterstock

TILBODET BLR AVSLUTTA 6. JULI 2025

Slit du med søvnvanskar, angst, avhengigheit - eller har du berre ein vanskeleg periode i livet?

  • Er dette lettare plager, der det kan vere tilstrekkeleg med bistand i ei kort periode?
  • Kanskje du kjenner på behovet for å ha nokon å prate med her og no, for å få letta på det du synes er vanskeleg?

Då kan «Opa dør» vere eit tilbod for akkurat deg

Hos oss kan du få samtale utan tilvising frå lege. Om det er behov for hjelp frå andre tenester etter kvart, kan vi hjelpe deg med vegen vidare.

Kven kan nytte seg av tilbodet?
Du som er over 16 år og slit med angst, lette depresjonsplager, søvnvanskar, lettare rusproblematikk, eller du som har ei vanskeleg periode her og no.

Kvar finn du oss?
Vi held til på Aktivitetssenteret på sjukeheimen.

Opningstid: Måndagar klokka 11-15

Ta kontakt på telefon 46 92 76 31 om du ønskjer å nytte deg av tilbodet vårt. Målet vårt er å kunne vere lett tilgjengeleg, og tilby samtale innan kort tid.

Kven er vi?
Du vil møte tilsette i teneste for psykisk helse og rus i Hareid kommune. Med oss kan du snakke trygt. Vi har teieplikt.

Artikkelliste