Støttekontakt

Støttekontakt er ei teneste som skal gje personar med særlege behov for hjelp ei meiningsfull fritid, sosialt samvær og vennskapleg rådgjeving og hjelp.

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse– og omsorgstjeneste § 3-2, 6 b.
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a.

Rett til klage

Klage etter Lov om pasient- og brukar rettigheter § 7-2.

IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 9: Støttekontakt.

Kostnad

Det er ikkje krav om eigenbetaling.

Tenestemottakar må sjølv dekke utgifter for aktivitetar saman med støttekontakta. Til dømes mat på kafé, kontingent på treningsstudio m.m.

Mål for tenesta
  • Støttekontaktordninga har som målsetting å bryte isolasjon og auke sosialt samvær og deltaking i ulike sosiale, kulturelle eller fysiske aktivitetar
  • Tenesta skal medverke til å auke tenestemottakar si oppleving av livskvalitet gjennom samvær med andre og bidra til ei meiningsfull fritid
Kriterier for tildeling
  • Søkar har behov for hjelp og støtte til å meistre ulike fritidsaktivitetar, eller har lite sosialt nettverk og behov for bistand for å ha sosial kontakt med andre
  • Bebuar i omsorgsbustad med heildøgns bemanning /institusjonsopphald er ikkje i målgruppa for tildeling av støttekontakt.
Praktiske opplysningar
  • Det vert ikkje stilt formelle kvalifikasjonskrav til støttekontaktar og ordninga skal difor ikkje nyttast til å dekkje krevjande omsorgsbehov 
  • Det kan vere vanskeleg å rekruttere støttekontaktar
  • Tenestemottakar kan kome med forslag til personar som kan vere støttekontakt for seg
  • Støttekontakt får dekt inntil kr 200 per månad i køyregodtgjersle. Køyring utover dette må tenestemottakar sjølv betale for.
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer
  • Det vert ikkje ytt støttekontakt til følgjande aktivitetar:
    • Hjelp til lekser
    • Praktisk bistand i heimen
Forventningar til tenesteytar
  • Opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar
  • Gir teneste i tråd med vedtak og kontrakt 
  • Gjev melding til tenestemottakar om ein ikkje kan møte til avtalen
Forventningar til tenestemottakar
  • Opptrer respektfullt i møte med støttekontakta
  • Tek aktivt del i tiltaket
  • Gjev melding til støttekontakta i god tid når ein ikkje kan møte til avtaler

Kontakt

Monica Svoren
einingsleiar
E-post
Telefon 70 03 75 12
Mobil 928 85 795
Trude Alvestad
sjukepleiar
E-post
Telefon 70 03 75 05
Mobil 915 66 736