Pasient- og pårørandeopplæring

Pasient- og pårørandeopplæring

Både Hareid kommune og Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper.

Regionale kurs

Her finn du kurs for pasienter og pårørende som blir arrangert i regi av helseføretaket i Møre og Romsdal

Kursa handlar om korleis pasientar og pårørande skal kunne meistre kvardagen på ein best mogleg måte. Dei fleste av kursa krev tilvising frå fastlege.

Nokre av kursa er nettkurs, medan andre er fysiske.

Klikk deg inn på lenka for å sjå kva kursmoglegheiter som finst for din eller dei du er pårørande for sin diagnose.

Informasjon om kursa i regi av helseforetaket finn du her

 

Lokale kurs

Her vil vi fortløpande leggje inn ein oversikt over kurs i regi av Hareid kommune

  • Pårørandeskule til pårørande til personar med demens i Hareid kommune. Neste kurs er planlagt våren 2024. 
    • Pårørandeskulen er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Nasjonalforeningen for folkehelse. Gjennom forelesingar og gruppesamtalar får pårørande kunnskap om demens og innsikt i sjukdomen. Kurset går over 4 kveldssamlingar, med ulike tema og forelesarar. Ein har tema som sjukdomslære, kommunikasjon, sorg og kommunale tilbod. På kurset får pårørande treffe andre i same situasjon som seg sjølv, og fagpersonar med kompetanse på området.
    • Kontaktperson: demenskoordinator Kamilla Grimstad Hagen, e-post: kamilla.grimstad.hagen@hareid.kommune.no, telefonnr: 48104497