Avlasting Avlasting i institusjon er ei tenesta knytt til pårørande med langvarige og særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Målet er at pasienten får høve til å bu lengst mogleg i sin eigen heim ved at omsorgspersonen i periodar for kvile seg ut ved hjelp av avlastningstilbod til den pleietrengande Lovgrunnlag Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2, 6 d. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1 a. Rett til klage Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2. IPLOS-registrering Ja. IPLOS-tenestetype 8: Avlasting i institusjon Kostnad Det er ikkje krav om eigenbetaling. Mål for tenesta Å avlaste personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid slik at den omsorgstrengande kan bu lengst mogleg i eigen heim. Kriterier for tildeling At pårørande har eit særleg tyngande omsorgsarbeid At omsorgsbehovet er av ein slik art at det gjev avgrensa moglegheit til nødvendig og regelmessig ferie/fritid for omsorgsytaren Den omsorgstrengande kan ikkje vere åleine heile eller delar av døgnet Omsorgsbehovet må vere omfattande og av fysisk, psykisk eller sosial karakter Praktiske opplysningar Avlastinga er tidsavgrensa Den som skal på avlastingsopphald må ha med seg nødvendig personleg utstyr, medisin/multidose, tekniske hjelpemiddel og medisinsk forbruksmateriell Omfang og innhald av tenesta vert individuelt tilpassa etter avtale med tenestemottakar. Kommunen har høve til å avgrense tilbodet etter faglege vurderingar Tenestemottakar er ansvarleg for transport til/frå avlastingsopphaldet Dersom tenestemottakar er avhengig av å reise med drosje til/frå avlastingsopphaldet kan det bestillast transport via Pasientreiser. Helsepersonell kan hjelpe til å bestille Tenestemottakar må sjølv betale for aktivitetar som ikkje skjer i regi av institusjonen Tenesta inkluderer ikkje Utgreiing, behandling eller rehabilitering Oppfølging frå sjukeheimslege. Ved behov for lege må fastlege eller legevakt nyttast og betalast av tenestemottakar Vask av private kle Medisin og anna medisinsk forbruksmateriell Forventningar til tenesteytar Opptrer på ein respektfull måte Legg til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar Forventningar til tenestemottakar Har med seg nødvendige medisinar og forbruksmateriell Opptrer på ein respektfull måte overfor tilsette og medpasientar Gjer seg kjend med innhaldet i vedtaket Utfører sjølv det han/ho meistrar av daglege aktivitetar Sørgjer for at private klede er merka med namn Merknad Sjå kommunen sine heimesider for meir informasjon. Publisert 19.10.2018 09:01 Sist endra 08.10.2024 09:38