Døgnopphald - øyeblikkeleg hjelp på sjukeheimen

Døgnopphald - øyeblikkeleg hjelp på sjukeheimen

Døgnopphald, øyeblikkeleg hjelp er eit opphald som er tenkt å skulle erstattar innlegging på sjukehus og dermed spare pasient og pårørande for den belastninga det medfører.

Det er berre lege som etter å ha vurdert pasienten kan legge inn på akutt døgnopphald, og du kan difor ikkje søke om denne tenesta

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-5, tredje ledd.

Ved tildeling av kommunal øyeblikkeleg hjelp døgnplass gjeld ikkje Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker sine regler om enkeltvedtak, jf. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-7 første ledd.

Rett til klage

Nei.

IPLOS-registrering

Ja. IPLOS-tenestetype 25: KAD – Kommunalt akutt døgnopphald.

Kostnad

Det er ikkje krav om eigenbetaling.

Mål for tenesta

Gje tilbod om akutt-/strakshjelp på institusjonsnivå når det er vurdert som fagleg uforsvarleg at vidare hjelp vert gitt i heimen. Alternativet til innlegging på KAD, skal vere innlegging på sjukehus.

Kriterier for tildeling
  • Tenestemottakaren må sjølv ønske eit tidsavgrensa opphald i institusjon, eller ein må vurdere samtykkekompetansen
  • Tenestemottakarar skal ha ein avklart medisinsk situasjon ved innlegging skal lege ha utarbeidd eit innleggingsnotat jf. Interkommunal orientering om bruk av KAD-plass
  • Opphaldet kan vare inntil 3 døgn, men kan verte omgjort til betalingsopphald før dersom det er heilt klart at tenestemottakar ikkje kan reise heim etter endt opphald
Praktiske opplysningar
  • Fastlege, legevaktslege og lege i akuttmottak kan legge inn pasientar på KAD-plass etter å ha konferert og gjort avtale med KAD-ansvarleg sjukepleiar
  • Tenesta er døgnopphald for tenestemottakar som har behov for akutt-/øyeblikkeleg hjelp
  • Tenestemottakar er ansvarleg for transport til og fråkorttidsopphald
  • Dersom tenestemottakar er avhengig av å reise med drosje til/frå opphaldet, kan ein bestille transport via Pasientreiser og betale eigenandel
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer
  • Transport til/frå opphaldet
  • KAD skal ikkje erstatte ei nødvendig sjukehusinnlegging
Forventningar til tenesteytar
  • Opptrer på ein respektfull måte
  • Følger opp plan frå innleggande lege, eventuelt ber om nødvendige opplysningar
  • Legg til rette for at tenestemottakar under opphaldet får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar

Kontakt

Monica Småge Skeide
einingsleiar
E-post
Telefon 70 03 75 20
Mobil 95 89 12 80
Perdis Holstad
einingsleiar
E-post
Mobil 95 89 12 81