Korttids- og rehabiliteringsopphald på sjukeheimen

Korttids- og rehabiliteringsopphald på sjukeheimen

Tenesta korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald når kommunen sjølv eller sjukehus har vurdert at det i ei periode vert vanskeleg å gi forsvarleg hjelp i heimen. Opphaldet vert primært gitt ved korttidseininga ved Hareid sjukeheim, men kan og verte gitt på dei andre sjukeheimseiningane alt etter ledig kapasitet og diagnose. Opphaldet kan vare frå ein dag til fleire veker.

Mål for tenesta

Tilbod til heimebuande med omfattande hjelpebehov som ikkje kan dekkast i eigen heim eller av andre tenestetilbod. 

Praktiske opplysningar
  • Tenesta inkluderer aktivisering, sosial stimulering og pleie og omsorg ved svekka funksjonsnivå.
  • Dersom tenestemottakar er avhengig av å reise med drosje til/frå opphaldet kan det bestillast transport via pasientreiser. Helsepersonell kan hjelpe til å bestille.
  • Den som tek i mot dag-/nattopphald må ha med seg nødvendig personleg utstyr, medisin og hjelpemiddel. 
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Transport til og frå opphaldet. 

Dette forventar vi av dei som mottek tenesta

Den som får tenesta må

  • opptre på ein respektfull måte overfor tilsette og medpasientar    
  • gjere seg kjend med innhaldet i vedtaket
  • utføre sjølv det hen meistrar 
Dette kan du forvente av oss

Vi skal

  • opptre på ein respektfull måte.
  • legge til rette for at tenestemottakar får pleie og omsorg som støttar opp under eigenomsorg og eigne ressursar 
Desse kan få tenesta

Tenesta skal vere av førebyggande eller rehabiliterande/habiliterande karakter som til dømes:  

  • vedlikehalde fysiske, psykiske eller sosiale ferdigheiter
  • vere eit ledd i eit vurdering eller rehabiliteringsopplegg
  • førebygge einsemd
  • førebygge behov for omfattande heimeteneste eller heildøgns omsorgsteneste 
Dette kostar tenesta

Det er krav om eigenbetaling for dag- og nattopphald. Sjå forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester. 

Betalingssatsar for heimehjelp

Betalingssatsar for heimehjelp

Betalinga blir regulert etter kor stor inntekt brukaren har. Folketrygdas grunnbeløp (G) er per 1. januar 2025 124 028 kroner. For brukarar som har inntekt inntil 2G gjeld betalingssatsen i tabellen uavhengig av kor mange timar den enkelte brukar har fått tildelt. Over 2 G er betalingssatsen 465 kroner per time inntil ein når satsane i tabellen. Tildelte timar utover satsane i tabellen skal ikkje brukaren betale for.
Betalingssatsar for heimehjelp
TIlbod 2025 Timar
Inntil 2 G per månad – uavhengig av tildelte timar 240 Sentral forskrift
Over 2 G pr. månad og time 465 Timepris
2-3 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 1630 Inntil 4 timar
3-4 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 2040 Inntil 5 timar
4-5 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 2450 Inntil 7 timar
Over 5 G – maksimalsats per månad uavhengig av tildelte timar 2765 Inntil 8 timar

 

Betalingssatsar for mat frå institusjonskjøken
Betalingssatsar for mat frå institusjonskjøkken
Betalingssatsar 2025
Full kost per døgn (månad=30 dagar) 210
Frukost 75
Middag/middagsombering/sal av middag i spisesal 125

 

Andre betalingssatsar
Andre betalingssatsar
Tilbod 2025 Henta frå
Tryggleiksalarm per månad 420
Korttidsopphald per døgn 200 Sentral forskrift
Dagopphald 115 Sentral forskrift
Nattopphald 115 Sentral forskrift
Mellombels opphald bustad Hadartun 200 per døgn
Dagsenter 185
Langtidsopphald i institusjon Vederlag
Korttidsopphald over 60 døgn Vederlag
Kurdøgnpris institusjon 2635
Fribeløp 10450

 

Eigenandel ved institusjonsopphald

Brukarar som har langtidsopphald på institusjon betalar ein del av inntektene sine i eigenandel. Denne betalinga er regulert i forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.

Utrekninga av eigenandelen er svært individuell og baserer seg på inntekter, gjeldsutgifter, type pensjon og om vedkomande har forsørgeransvar og andre forhold. Brukar, og eventuelt pårørande, skal få god informasjon om kva som ligg til grunn for berekninga av eigenandelen ved starten av opphaldet.

Svært enkelt forklart betalar brukaren 75 prosent av inntekta inntil 1 G (124 028 kroner per 1. januar 2025) og 85 prosent av inntekta over 1 G. Betalinga skal likevel avgrensast slik at alle skal ha minst 25 prosent av 1 G og eit fribeløp som for 2024 er på 10450 kroner.

Kurdøgnprisen, som avgjer maksimal eigenandel, er 2635 kroner i 2025. Det betyr at ingen betaler meir enn 2635 kroner gonger talet på dagar i månaden i eigenandel.

Rett til å klage

Er du usamd i vedtaket, kan du klage. Klagefristen er fire veker frå du fekk vedtaket. Ein klage må vere skriftleg og signert av deg, eller den som har fullmakt til å gjere det for deg

Har du spørsmål?

Du kan sende e-post til sektoren. Hugs at du ikkje må dele sensitive personopplysningar i e-post. Skriv namn, kva teneste du har spørsmål om og kontaktinformasjon, så kontaktar rette vedkomande deg.

Treng du å dele sensitiv informasjon, til dømes helseopplysningar, kan du gjere det via denne portalen.  

Her kan du sende e-post.


 

Kontakt

Karoline Røvreit Flø
einingsleiar
E-post
Mobil 94 19 82 42