Det skjer i Hareid - hjelpeside

Det skjer i Hareid - hjelpeside

Det skjer i Hareid er ein kultur- og aktivitetskalender for alle arrangørar innanfor Hareid kommune sine grenser. Kalenderen er administrert av Hareid kommune.

  

Her er Facebook-sida til Det skjer i Hareid. 

Sjå retningslinjer nedst i artikkelen.

Slik legg du inn eit arrangement på sida:

  • Du må ha eit arrangement oppretta av ein Facebook-side.
  • Når du legg inn arrangementet eller redigerer det, trykk på innstillingar for arrangement (tannhjulet) på siste fane.Her kan du leggje til Det skjer i Hareid som medarrangør. Hugs å lagre! (Viss du ikkje får til å gjere endringa på telefon-app, prøv i nettlesar på datamaskin.)
  • Vi vil då få eit varsel og vil gå gjennom arrangementet for godkjenning.
  • Når arrangementet er akseptert av oss, vil det dukke opp i samlekalenderen til Det skjer i Hareid.
  • Det er gjerne slik konsertstader eller kulturhus gjer med arrangement – både artist og kulturhus står som arrangør på Facebook-hendinga.
  • På heimesida til Hareid kommune vil vi promotere kalenderen til Det skjer i Hareid.

 

OBS:

Du vil gi sida «Det skjer i Hareid» full tilgang til å endre/redigere ditt arrangement. Den retten vil vi sjølvsagt ikkje nytte oss av. «Det skjer i Hareid» vil berre vere skuggearrangør slik at dykkar arrangement kjem opp i vår samlekalender. Vi kjem heller ikkje til å svare på spørsmål knytt til arrangementet dykkar, eller er ansvarleg for arrangementet på andre måtar. Dette er berre ei innstilling du gjer for at arrangementet skal bli synleg i kalenderen. Skulle eit arrangement ikkje følgje retningslinjene våre, vil vi slette arrangementet frå vår liste.

 

Retningslinjer for kultur- og aktivitetskalenderen «Det skjer i Hareid»

  1. Hendinga må i hovudsak skje innafor Hareid kommune sine grenser. Arrangement som er særskild retta mot innbyggarane i Hareid, men som skjer i tilstøytande kommunar, kan også bli promotert.
  2. Hendinga må vere offentleg
  3. Dersom du har faste samlingar som skjer hyppigare enn ein gong i månaden, kan du kun kople fyrstkomande arrangement til kalenderen. Dette er naudsynt for at dei større, enkeltståande arrangementa ikkje skal hamne i skuggen.*
  4. Det er lov å promotere hendingar der publikum må kjøpe billett/betale inngangspenger.
  5. Vi vil ikkje inkludere arrangement som krev medlemsskap eller på andre måtar er ekskluderande – til dømes treningstider, foreldremøter eller dugnadar i velforeiningar og liknande.
  6. Reine kommersielle hendingar – til dømes sal i ein butikk – vil ikkje bli akseptert
  7. Vi forutset at alle arrangement følgjer dei gjeldande koronaråd og -reglar for arrangement.
  8. Det skjer i Hareid/Hareid kommune vil ikkje redigere hendinga. Vi vil heller ikkje svare på spørsmål om hendingane dykkar. Vi kan heller ikkje promotere hendinga utover det at den kjem opp i kalenderen.
  9. Hareid kommune har ikkje høve til å hjelpe brukarar med å lage Facebook-side og -arrangement.
  10. Hareid kommune vil fjerne arrangement frå sida som ikkje er i tråd med retningslinjene.
  11. Hareid kommune vil kunne endre desse retningslinjene viss vi meiner det er naudsynt.

*: Det er dessverre ikkje mogleg å nytte funksjonen der du kan legge inn fleire tidspunkt i Facebookhendinga. Viss du ønsker arrangementet ditt inn i Det skjer i Hareid, må du opprette eit enkeltarrangement for kvar samling.

Kontakt

Melinda Skeide
einingsleiar
E-post
Mobil 41 66 58 73
Erlend Friestad
kommunikasjonsansvarleg
E-post
Mobil 97 14 35 43