Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Leige av Hareidhallen

Leige av Hareidhallen

Følgjande salar/rom kan leigast for trening og arrangement:

  • Storsalen - 60 x 20 meter inklusiv garderober
  • Mindre salar - 3 stk.

Hareidhallen vert ikkje leigd ut til private arrangement.

Korleis får du tenesta?

Vi ber om at de nyttar elektronisk søknadsskjema.

Søknaden må innehalde:

  • kva lokalitet ein ynskjer bruke, dato og tidspunkt på dagen
  • type aktivitet og ca. tal brukarar 
  • kven som søkjer. Vi føreset at større brukargrupper samordnar søknaden t.d. idrettslag og skular.

Krav om brannvakter

Generelt
Ut frå breidda og talet på rømingsvegar er Hareidhallen dimensjonert for 1000 personar. Det betyr at det er lov å ha inntil 1000 personar utan noko spesielle tiltak.

Spesielle krav
Med persontal over 1000 stk. skal det vere 2 vakter pr. rømingsveg, opp til 1200. Det er ikkje tillate å ha arrangement med fleire enn 1200 personar.

Kva kan du forvente?

Faste treningstidar gjennom heile året vert avgjort politisk av Levekårsutvalet i første møtet etter ferien.

Kva kostar det?

Leigesatsar skulebygg - Hareidhallen
Tilbod Leigetakarar frå Hareid Leigetakarar frå andre kommuner
1/1 hall med 2 garderobar og dusj per time 437 600
1/1 hall utan garderobar per time 273 307
2/3 hall med 2 garderobar og dusj per time 317 426
2/3 hall utan garderobar per time 186 273
1/3 hall med 1 garderobe og dusj per time 262 305
1/3 hall utan garderobe per time 147 170
1 garderobe med dusj per time 147 246
Døgnleige (meir enn 9 timar)
A. 1/1 hall med to garderobar og dusj- per døgn 3866 5057
1/1 hall utan garderobar og dusj 4098 5360
B. 2/3 hall med 2 garderobar og dusj 2971 3879
2/3 hall utan garderobar og dusj 1499 2089
C. 1/3 hall med to garderobar og dusj 1772 2762
1/3 hall utan garderobe 1072 1468
1 garderobe med dusj 1130 1501
Amfiet prer gong 1757


Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Søknadsfrist for faste treningstidar gjennom heile året er 1. juli. Søknader om einskildtimar vert handsama i tur og orden.

Kontakt

Renate Seljeseth Bøe
ungdomsarbeidar
E-post
Mobil 99 36 09 23