Kongeparet kjem til Hareid!

Kongeparet kjem til Hareid!

Vi gler oss over at Hareid kommune er ein av kommunane kongeparet kjem til når dei skal på fylkesbesøk til Møre og Romsdal.

Dronning Sonja og kong Harald. - Klikk for stort bilete Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff  

- Det blir ein folkefest! Vi gler oss til å vise fram det flotte vi har i kommunen til kongeparet og heile Noreg, seier ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal.

Fylkesbesøket startar i Fjord kommune på føremiddagen tysdag 30. august, og Sykkylven får besøk på ettermiddagen. Onsdag føremiddag kjem kongen og dronninga til Vanylven kommune og avsluttar dagen med å besøke Sande kommune. Torsdag 1. september er det Hareid kommune sin tur. Det er siste stopp på rundreisa.

Kongeskipet Norge vil bli nytta under fylkesturen.

Hareid kommune held no på å lage eit program og fylle besøket med innhald. Dette programmet vil bli offentleggjort på eit seinare tidspunkt.

Kongeskipet Norge fotografert i Oslo. - Klikk for stort bileteKongeparet vil nytte kongeskipet Norge under rundturen sin i Møre og Romsdal 2022. Bahnfrend/Wikipedia/CC BY SA 4.0   

Artikkelliste