Musikk- og kulturskulen

Hareid musikk- og kulturskule har som visjon å vere ein kreativ og inkluderande plass for born, ungdom og andre brukarar.

Søknadsfristen hjå oss er 15. mai, med opptak i juni, for kvart nytt skuleår. Men vi tilbyr plass gjennom heile skuleåret, så fort vi har noko ledig.

«LEVANDE UTTRYKK!» er visjonen vi i kulturskulen på Hareid har vald.

Vi skal gje born og unge i Hareid dei beste muligheitene til å utvikle sine kunstnariske evner og ibuande skaparkraft, og bidra til at elevane utviklar ei vedvarande interesse for kunst og kultur.

Kulturskulen skal

  • gje elevane opplæring i tråd med intensjonane i læreplanverket/kunnskapsløftet.
  • være eit kulturelt ressurssenter for kommunen sine innbyggjarar.
  • ha eit godt samarbeid med barnehagar, grunnskule, vidaregåande skule og kommunen sitt frivillige kulturliv.

 

I Hareid musikk- og kulturskule har vi tilbod i desse faga:

  • Piano/keyboard/orgel
  • Gitar/bassgitar
  • Song
  • Blåseinstrument
  • Trekkspel
  • Slagverk/trommer
  • Strykeinstrument
  • Visuell kunst
  • Klassisk ballett/jazzballett/barnedans

Jazzballett har nedre aldersgrense frå 5. klasse. Barnedans frå det året ein fyller 5, og dei andre faga frå 1.klasse.

Men merk: aldersgrensa er berre ei anbefaling.

Musikk- og kulturskulen sin hovudtanke er å gje tilbod som er tilpassa kvar enkelt elev si interesse, ambisjon og evne. Gjennom dyktige lærarar gjev vi den enkelte elev opplæring innan sitt valgte område med enkeltundervisining og/eller samarbeid i grupper.

Samarbeid mellom skule og heim – utvikling

Ein viktig faktor for at eleven skal lykkast, er at både foreldre/føresette og lærarar er engasjerte og støttande og har forventningar til ar barnet skal lære. Løpande kontakt mellom kulturskule og heim om eleven si utvikling, trivsel, frammøte og øvingsinnsats er avgjerande for utviklinga og framgangen til eleven.

Eit stort poeng for oss i musikk- og kulturskulen er at dette skal vere ein kreativ, inkluderande og hyggeleg plass å være. Vi ynskjer å gje elevane mogelegheit til å oppleve glede ved å meistre, uttrykkje og formidle si valde kunstform, åleine eller saman med andre.

Kva kostar ein elevplass?

 

pris pr. år

3180,-

pris pr. halvår

1590,-

Sysken/fleirfagsrabatt:

15%

Instrumentleige:

400,-

Kunstmateriell:

400,-

 

Søknadsfrist:

Søknadsfristen for hovudopptak er 15.mai

Alle søkjarar vil få brev om at søknaden er motteken og registrert. Påmeldinga er bindande for skuleåret dersom ein tek imot plassen. Ein kan søkje plass gjennom heile skuleåret. Suppleringsopptak vert gjort dersom det er ledig plass.

 

Korleis søkjer eg?

 

Korleis melde seg av tenesta?

Du kan sende følgjande informasjon:

  • navn på elev (både for- og etternavn)
  • disiplin/instrument eleven skal slutte på

Dette sender du på følgjande måte: