Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Kulturmidlar

Kulturmidlar

I budsjettet for 2024 er det ikkje avsett midlar til tildeling av kulturmidlar. Vi kan derfor ikkje ta imot søknadar på kulturmidlar frå lag og organisasjonar i år.

Kven kan søkje?

Hareid kommune kan yte tilskot til organisasjonar, institusjonar og personar som driv eller vil starte opp kulturverksemd i Hareid kommune.

Midlane skal nyttast til kulturelle og sosiale formål som kjem folk i Hareid til gode.

Organisasjonar som driv si verksemd i Møre og Romsdal, og som fell utanfor retningslinene for fylkeskommunal stønad, kan ytast tilskot når dei rekrutterer eit visst tal medlemar i Hareid.

Samarbeidsorgan for lag og organisasjonar kan og søkje.


Kva tiltak kan ein søkje på?

Med kulturverksemd meiner ein verksemd som har eit kulturelt og sosialt føremål i seg og som kjem innbyggjarane i Hareid til gode, med barn og ungdom som hovudprioritet.

Følgjande tilskotsordningar gjeld:

  • Tilskot til drift
  • Oppstartstilskot
  • Tilskot til samlingshus
  • Tilskot til andre kulturføremål

Retningslinjer for tildeling finn du her. (PDF, 156 kB)

Her er lenke til søknadsskjemaet.


Søknadsfrist:

1. april kvart år.

Tilskot til drift, Oppstartstilskot, Tilskot til samlingshus, Tilskot til andre kulturføremål.

Kontakt

Melinda Skeide
einingsleiar
E-post
Mobil 41 66 58 73