Etablerarprøven

For å få innvilga serveringsløyve må styrar av verksemder som har eller søkjer slikt serveringsløyve, ha bestått etablerarprøven.

Kven kan ta prøva

Alle som ynskjer det kan ta etablerarprøven. Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og serverar mat og alkoholfri drikke, må ha bestått etablerarprøven.

Kva er pensum

Spørsmåla i etablerarprøven er basert på materialet som er gitt i læreboka: ”Læremateriell – etablererprøven for serveringsvirksomhet”. Denne kan kjøpast hjå VINN.

Kvar kan eg ta prøven

Prøvestad for Hareid, Ulstein og Herøy kommune er Ressurssenteret i Hareid, Strandgata 57, 6060 Hareid.

Du kan også ta prøven i andre kommuner.

Gjennomføring av prøven

  • Kontakt Ressurssenteret på 70 03 76 91, 70 03 76 92 eller rsenter@hareid.kommune.no for rettleiing og avtale om tidspunkt for å ta prøven. 
  • Vi held prøvar måndagar og fredagar kl 0930
  • Møt fram seinast 15 minutt før prøvestart, for registrering og kontroll av legitimasjon og betaling. Som gyldig legitimasjon godtek vi pass, førarkort eller bankkort med bilde. Du må ha med kvittering for betalt gebyr eller betale på staden med kort for å ta prøve.
  • Prøven er ein fleirvalsprøve der kandidaten får 90 minutt til å svare på spørsmåla. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. Vidare vert det gitt 10 minutt til å overføre svara til rettekolonna på framsida av prøva
  • Prøven er på norsk. Kandidaten har høve til å ta med ordbøker. Det er løyve å nytte lovsamling, som vi har til utlån

Elektronisk skjema for oppmelding til etablerarprøven (og kunnskapsprøven)

Tilrettelegging ved spesielle behov

Ta kontakt med Ressurssenteret så kan vi gjere avtale om dette.

Kor mange gongar kan eg ta prøva?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Det kostar 400 kroner kvar gang.

Prøvebevis

Ressurssenteret arrangerer prøven, rettar svara og skriv ut bevisa.

Kva kostar det

Det kostar kr 400,- for å ta prøven. Dette gjeld uansett om du får godkjent prøven eller ikkje eller om du ikkje møter til avtalt tid.

Gebyret kan betalast med kort på Ressurssenteret.

Dersom du vil betale på førehand kan du gjere det til

Konto - 4093 07 00195
Merkast med etablerarprøva

Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Ha med kvittering.

Lover og retningsliner

Serveringslova

Forskrift om etablerarprøven

Kontakt

Trine Pilskog
einingsleiar/rektor
E-post
Telefon 70 03 76 91