Førehandsrøysteperioden
Frå 10. august startar den ordinære førehandsrøysteperioden. Den vil i hovudsak skje på rådhuset, anten i resepsjonen eller i kommunestyresalen:
Opningstidene vil vere alle kvardagar:
- 10. august til og med 25. august klokka 09-15
- 28. august til og med 1. september klokka 10-17 på rådhuset
- 4. september til og med 8. september klokka 10-18 på rådhuset
- I tillegg langope til klokka 20 torsdag 31. august og 7. september på rådhuset
I førehandsrøysteperioden - til og med 8. september, kan du røyste i alle andre vallokale i landet.
Førehandsrøysting på Hadartun
5. september klokka 10-14 innanfor hovudinngangen
Du treng ikkje vere bebuar eller tilsett for å nytte deg av dette tilbodet. Det er ope for alle.
Røyste heime?
Dersom du ikkje kjem deg til eit vallokale på valdagen eller i førehandsrøysteperioden på grunn av sjukdom og uførheit, kan du søkje om å få røyste heime.
Frist for å søkje om ambulerande røysting er tysdag 5. september klokka 12. Les meir om kven som kan få heimerøysting og korleis her.
Tidlegrøysteperioden
Tidlegrøysteperioden er ein del av førehandsrøystinga, men med ein litt anna og enklare prosedyre. Denne perioden er meint for dei som ikkje har høve til å røyste i ordinær førehandsrøysteperiode eller på valdagen. Merk: Vi spør ikkje om grunn, så i praksis kan kven som helst nytte tidlegrøysteperioden for å røyste.
Tid: Alle kvardagar frå 3. juli til og med 9. august, klokka 09-15
Stad: Resepsjonen på rådhuset – inngang frå Rådhusplassen
Statistikk
Klokka 09 11. august hadde 37 personar førehandsrøysta i Hareid kommune.
Klokka 09 15. august hadde 73 personar førehandsrøysta i Hareid kommune.
Klokka 09 16. august hadde 88 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 17. august hadde 112 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 22. august hadde 163 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 23. august hadde 177 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 24. august hadde 202 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 25. august hadde 213 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 28. august hadde 235 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 29. august hadde 255 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 30. august hadde 293 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 31. august hadde 324 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 1. september hadde 405 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 4. september hadde 458 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 5. september hadde 525 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 6. september hadde 664 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 7. september hadde 759 personar førehandsrøysta i Hareid kommune
Klokka 09 8. september hadde 905 personar førehandsrøysta i Hareid kommune