Hareid har fem kommunale kaier:
Godsterminalen
Godsterminalkaia skal nyttast til lasting og lossing av gods. For avtale om bruk av kaia, kontakt DIMO AS v/Nils Petter Haddal, telefon 913 58 716.
Godsterminalen er godkjend etter ISPS-regelverket (International Ship and Port Facility Security Code) og har djupvasskai med djupne på om lag 7 til 8 meter. For området framfor kaifronten er det gjennomført djupnemålingar som gir meir detaljerte djupneopplysningar.
Nordre molo
Tilgjengeleg for bruk. Pr no ikkje straum eller vasstilgang. Ta kontakt ved spørsmål.
Indre molo
Denne kaia er det i hovudsak Polarstar som disponerer, men når den er ledig er den tilgjengeleg for andre båtar.
Tusenårskaia/Berdedskapskaia
Er i fyrste rekke ei hamn for hamnebåten MV Custos. Delar av kaia kan likevel nyttast som av- og påstigningskai for lokale og gjestande fritidsbåtar.
Hjørungavåg
Kai ved Total Bygg
Kaia har straumuttak. Det må gjerast avtale med Møre Nett for bruk av straum.
Brandal
Kai i sentrum
Kaia kan nyttast av mindre båtar og sjarkar.
Generell informasjon
Hareid kommune har i fleire år hatt eit administrativt samarbeid med Ålesundregionens Hamnevesen IKS (ÅRH).
Kommunen administrerer sjølv bruken av liggjeplassar ved dei kommunale kaiane, medan ÅRH fakturerer avgifter og vederlag i samsvar med gjeldande regulativ.
Alle brukarar av hamna pliktar å rette seg etter dei føresegnene og instruksane som til kvar tid gjeld for hamneanlegga.
Hamneavgift vert kravd inn innanfor det fastsette avgiftsområdet og gjeld bruk av farvatn, offentlege kaier og kommunale areal. Utrekning og innkrevjing av avgifter skjer i samsvar med gjeldande forskrifter og hamneregulativ for Hareid hamnedistrikt.