Kunnskapsprøven

Kunnskapsprøven

For å få innvilga skjenkeløyve må styrar av verksemder som har eller søkjer slikt løyve, ha bestått etablerarprøven. Styrar for skjenkeløyve og avløysar må og ha bestått kunnskapsprøven.

Kven kan ta prøva

Alle som ynskjer det kan ta kunnskapsprøven.
Den som søkjer om å bli godkjent som styrar eller avløysar på stadar med sals- eller skjenkeløyve må ha bestått prøva. For å bli godkjent som styrar eller avløysar på ein stad med skjenkeløyve må du ha fylt 20 år.

Kva er pensum

Spørsmåla i kunnskapsprøva er basert på materialet som er gitt i læreboka: ”Kunnskapsprøven i alkoholloven”. Denne kan kjøpast hjå VINN.

Kvar kan eg ta prøva

Prøvestad for Hareid, Sande, Ulstein og Herøy kommune er Ressurssenteret i Hareid, Strandgata 57, 6060 Hareid.
Du kan også ta prøven i andre kommuner.

Gjennomføring av prøven

  • Kontakt Ressurssenteret på 70 03 76 91, 70 03 76 92 eller rsenter@hareid.kommune.no for rettleiing og avtale om tidspunkt for å ta prøven. 
  • Vi held prøvar fredagar frå klokka 1015
  • Møt fram seinast 15 minutt før prøvestart, for registrering og kontroll av legitimasjon og betaling. Som gyldig legitimasjon godtek vi pass, førarkort eller bankkort med bilde. Du må ha med kvittering for betalt gebyr eller betale på staden med kort for å ta prøve.
  • Prøven er ein fleirvalsprøve der kandidaten får 60 minutt til å svare på spørsmåla. Har du sju feil eller fleire stryk du på prøva.
  • Prøven er på norsk.

Tilrettelegging ved spesielle behov

Ta kontakt med ressurssenteret så kan vi gjer avtale om dette.

Kor mange gongar kan eg ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Det kostar 400 kroner kvar gang.

Prøvebevis

Ressurssenteret arrangerer prøven, rettar svara og skriv ut bevisa.

Kva kostar det?

Det kostar kr 400,- for å ta prøven. Dette gjeld uansett om du får godkjent prøven eller ikkje eller om du ikkje møter til avtalt tid.

Gebyret kan betalast med kort på Ressurssenteret.

Dersom du vil betale på førehand kan du gjere det til

Konto - 4093 07 00195
Merkast med "etablerarprøva 2730 - 16200"

Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Ha med kvittering.

Lover og retningsliner

Alkoholloven
Forskrift om omsetning av alkoholholdig rikk mv.

Kontakt

Trine Pilskog
einingsleiar/rektor
E-post
Telefon 70 03 76 91
Mobil 90 15 23 22