Syverplassen barnehage - Hareid kommune

Syverplassen barnehage

Syverplassen barnehage

Når du kjem til Syverplassen barnehage med barnet ditt, skal du kjenne at eg som tilsett er her for barnet ditt.

Eg vil:

  • møte barnet ditt med eit smil og eit blikk som seier: Eg ser deg, og eg er glad for at du er her i dag
  • vere ein trygg tilsett som lyttar, forstår og tek vare på et barnet ditt treng i augneblinken. 
  • bli kjend med kva barnet ditt likar, kva som gjer det nysgjerrig, og kva det er god til
  • heie på barnet ditt når det prøvar, og juble saman med det når det  lukkast
  • legge merke til dei gode vala barnet ditt gjer, og løfte fram det fine det bidreg med i fellesskapet
  • støtte barnet ditt i å stå støtt i seg sjølv - og hjelpe det å vere ein ven for andre
  • gje barnet ditt passelege utfordringar og forventningar, slik at det kan kjenne meistring.
  • vere tydeleg og trygg, slik at barnet ditt veit kva som er greitt og kva som ikkje er det og kan kjenne ro i det
  • leike, utforske og undre saman med barnet ditt, og vere ein tilsett som følgjer det inn i den verda det oppdagar.
  • passe på at barnet ditt får stunder med ro, kvile, ei bok eller eit spel når det treng ei pause
  • hjelpe barnet ditt med å finne gode vener- og sjølv vere ein varm og trygg leikeven
Utandørsbilete frå Syverplassen. Klatrestativ, leikeapparat. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Avdelingar:

Sjå heilt nedst for kontaktinformasjon til avdelingane.

Blåmeisa 2-4/5 år
Pedagogisk leiar: Maria Slettebakk, maria.slettebakk@hareid.kommune.no 
Telefonnummer - 905 27 233

Gulsporven 2-4/5 år
Pedagogisk leiar: Trude Gurskevik Knotten, trude.knotten@hareid.kommune.no 
Telefonnummer - 904 77 141

Grønfinken 1-3 år
Pedagogisk leiar Marita Austnes, marita.austnes@hareid.kommune.no
Telefonnummer - 904 08 814

Raudstrupen 5-6 år
Pedagogisk leiar Zhanna Podoba, zhanna.podoba@hareid.kommune.no
Telefonnummer - 904 15 695

Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Hareid kommune.

Søknadsskjema

Søknad om barnehageplass 

Barnehage - søknad om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid

 

Syverplassen barnehage - Handlingsplan for å førebygge og handtere mobbeåtferd (PDF, 485 kB)

Syverplassen barnehage - årsplan 2026-29 (PDF, 2 MB)

Kontakt

Solveig Ertesvåg
einingsleiar/styrar
E-post
Mobil 91 86 52 68