Føresette og/eller barnehagen tar initiativ til å vurdere om det skal bli søkt om tiltak for barn med nedsett funksjonsevne. I kommunen jobbar vi saman med barnet og familien gjennom BTS – Betre Tverrfagleg sammhandling, for å finne fram til gode løysingar når det oppstår uro for eit barn.
Styrar/pedagogisk leiar fyller ut skjema «kartlegging § 37» for å vurdere behov for tilrettelagt barnehagetilbod. Skjema finn ein i Vigilo. Skjema vert gjennomgått med føresette. Dersom det ikkje er mogleg for barnehagen å sette inn tiltak innanfor det ordinære tilbodet, informerer styrar/pedagogisk leiar om moglegheita for å søke tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne. Føresette/barnehagen søker via skjema i Vigilo. Skjema «kartlegging § 37» skal alltid ligge ved søknaden.
For at behandlingstida skal bli så rask og effektiv som mogleg, må tilstrekkeleg dokumentasjon på barnets nedsette funksjonsevne bli lagd ved søknad (saman med skjema «§ 37 kartlegging»). Søknader blir behandla kontinuerleg.
Tilrettelegginga er ikkje utviklingsorientert, den skal kompensere for den nedsette funksjonsevna.