Korleis takke ja til, seie opp eller endre SFO-plass

Korleis takke ja til, seie opp eller endre SFO-plass

Skal du seie opp eller endre SFO-plassen gjer du det inne i foreldreportalen til Vigilo.

Kommunen gjer merksam på at etter Vedtekter for skulefritidsordninga (PDF, 188 kB) gjeld oppseiing frå fyrste heile månaden etter at oppseiinga er motteken. Det vil sei at om du sei opp plassen i oktober, vert november oppseiingsmånad.  Siste dag ved SFO vert 30.11.  E-posten som automatisk vert sendt ut ved oppseiing av plass, gir dessverre feil sluttdato.

SFO-betalinga (for eitt SFO-år) er fordelt over 10 mnd. Septemberfakturaen gjeld for halve august og halveseptember. Vert plassen sagt opp midt i SFO-året, må de difor betale ut oppseiingsmånaden og ein halv månad ekstra.

Stadfeste SFO-plass

Når du har fått tilbod om SFO-plass, må du takke ja eller nei til dette tilbodet via Vigilo.

Seie opp eller endre SFO-plass

Du nyttar også Vigilo til å endre eller seie opp SFO-plassen

Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO) (PDF, 188 kB)

Her finn du meir informasjon om SFO-ordninga i Hareid kommune.