SFO: Redusert betaling og gratis tilbod

Har du låg inntekt eller barn med funksjonshemming, kan du ha krav på billigare eller gratis SFO-tilbod.

Det er to ordningar:

  • SFO-rabatt på grunn av låg inntekt
  • Gratis SFO for barn med særskilte behov (les meir lenger nede)

Rabatt på grunn av låg inntekt - utvida ordning frå 1. august 2021

Denne ordninga gjeld barn på 1. til og med 4. årstrinn og er retta mot familiar med låg inntekt. Ingen hushald skal betale meir enn 6 prosent av brutto årsinntekt for ein plass i barnehage eller SFO.

For skuleåret 2021/22 betyr det at viss den samla inntekta til hushaldet er mindre enn 526.667 siste år, har de krav på å få rabatt om barnet har full plass (25 timar i veka).

Viss barnet har redusert plass (15 timar per veke) er inntektsgrensa 395.000 kroner

Her er eit døme på korleis rabatten blir rekna ut:

  • Hushaldet tener samla 400.000 kroner.
  • 6 prosent av 400.000 kroner er 24.000 kroner
  • De betaler SFO ti månader i året
  • Det gir månadspris på 2.400 kroner – mot normalt 3160 kroner – ein reduksjon på 760 kroner

Sidan 6 prosent-grensa gjeld per plass, skal det mykje til for at ein får rabatt på barn to og tre – sidan det allereie blir gitt søskenmoderasjon (30 og 50 prosent). Sjå her for fullstendig prisliste og søskenmoderasjon.

Det er hushaldet si samla inntekt som er avgjerande. Medrekna i hushaldet er ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Med sambuar er det meint to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapeleg forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane – eller har felles barn. Desse vilkåra gjeld sjølv om den eine vaksne ikkje er foreldre til barna det blir søkt for.

 

Dokumentasjon

Legg ved sjølvmelding. Dersom det har skjedd endringar (til dømes tapt arbeidsinntekt) etter siste sjølvmelding må du opplyse om dette og dokumentere endringa.

Eit inntektstapet må vere rekna som varig. Kommunen vil foreta ein konkret vurdering i kvart tilfelle.

 

Søknadsfristar

Søknadsfristen er 1. juni kvart år om ein vil ha søknaden handsama før skuleåret startar. Etter dette vil søknadar bli handsama fortløpande. Eit vedtak om rabatt vil då gjelde frå fyrste heile månad og ut skuleåret

For skuleåret 2021/2022 vil alle søknadar som blir innvilga gjelde frå 1 august.

Søker de når barnet går i 1. klasse, vil søknaden også gjelde for 2. klasse. Kommunen hentar då sjølv inn naudsynt dokumentasjon.

 

Slik søker du

Det er kommunen der barnet er folkeregistrert som handsamar søknad om redusert foreldrebetaling.

Dei som skal søke Hareid kommune om reduksjon må nytte dette skjemaet:

 

Gratis SFO for barn med særskilte behov

Gratis SFO for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn er eit ledd i arbeidet med å sikre at funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår.

Ta kontakt med Mariann Båtnes for meir informasjon om ordninga og korleis du søker.

 

Klager

Du har rett til å klage. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid, eller de kan fylle ut dette klageskjemaet.

Klagefristen er 3 veker etter at vedtak er motteke.