Korleis søker eg?
Du kan ha rett til vaksenopplæring ved Ressurssenteret dersom
- du er busett i Hareid, er over 18 år og ikkje har rett til vidaregående skule
Du kan ha behov for vaksenopplæring dersom
- du er innvandrar og må lære norsk og samfunnskunnskap for å ivareta plikter og rettar i eit nytt land
- du vil kvalifisere deg for endra krav i arbeidslivet
- du vil kvalifisere deg for vidaregåande skule
- du har problem med å kunne lese ein arbeidsinstruks eller produktadvarsel
Rett til norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar
Førebuande opplæring for vaksne
Hareid kommune har førebuande opplæring for vaksne (FOV) for kommunane Ulstein, Herøy, Sande og Hareid. Opplæringa er modulbasert (1-4) og kvalifiserer til vidaregåande opplæring for vaksne.
Her kan du søkje om plass.
Rett til grunnskuleopplæring
- Etter opplæringslova. Retten til rådgjeving og grunnskuleopplæring gjeld for alle som er over 18 år og ikkje har rett til plass i vidaregåande skule.
Rett til spesialpedagogisk opplæring
- Retten til spesialundervisning gjeld dersom du ikkje har utbytte av vanleg tilpassa tilbod. Det er PPT som vurderer om du har ein slik rett.
Tilsette ved Ressurssenteret
Doriana Nupen
Erlend Remøy
Vibeke Holstad
Peter Paus
Cecilie Pedersen
Laila Høybakk
Janka Arlen Teige
Kristin Reite
Jülija Sande
Janita Holstad Naustenget
Ingeborg Bjåstad (Flyktningkonsulent)
Trine Pilskog (leiar)