Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Eigedomsskatt 2023 til offentleg ettersyn

Eigedomsskatt 2023 til offentleg ettersyn

Med utgangspunkt i kommunestyret sitt vedtak av 08.12.2022 om utskriving av eigedomsskatt for 2023, legg Hareid kommune ut eigedomsskattelister til offentleg ettersyn i tre veker.

 

Dronebilete av Hareid sentrum i vinterdrakt. Teke frå Åsendalen mot Ytre-Hareid. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

 

Lista over kva dei enkelte bustadane betaler i eigedomsskatt kan du finne via denne lenka, og på servicekontoret på rådhuset. (PDF, 482 kB)

Du kan lese meir på sida for eigedomsskatt. Her ligg det forklaring korleis skatten blir sett, døme på utrekning og oppskrift på kva som er grunnlag for klage og korleis du kan klage.

Listene vil ligge ute til og med 22. februar.

Les meir om korleis eigedomsskatten fungerer i Hareid kommune her.